Skade
I ein artikkel i Jyllands-Posten vert det fortalt om siste mote. Siste mote er å gå med langarma gensarar eller svetteband rundt handledda. For å skjula sår og arr. Men kva er det eigentleg som er gale?
Sweet and divine, razor of mine. Strofa er frå Foo Fighters sin song Razor, ein av mange popsongar dei siste åra som iallfall kan tolkast til å handla om sjølvskading. Hurt, med Nine Inch Nails, er eit anna eksempel: I hurt myself today, to see if I still feel, I focus on the pain, the only thing that's real.
Sjølv om sjølvskading på ingen måte er noko nytt fenomen, er det ting som tyder på at problemet veks. I Jyllands-Posten seier Pernille Korsgaard, som tidlegare skar seg sjølv, at «cutting» rett og slett er ei motedille. Då eg ei tid sat i redaksjonen på nettstaden dikt.no, såg me dagleg dikt som omhandla, eller jamvel forherliga og oppmoda til å skjera seg sjølv til blods. Prinsesse Diana fortalte i si tid om korleis ho skada armar og bein fordi ho ikkje likte seg sjølv, og fordi ho skamma seg. Men kvifor skjer slikt? - Når ein føler at ingen høyrer på ein, kan alt skje, forklarte prinsesse Diana:
- Ein kan ha det så vondt inne i seg at ein freistar å skada seg sjølv utanpå for å få hjelp.
Det er det same bodskapet som går att i endå ein song. Garbages Shirley Manson syng så det går kaldt nedetter ryggen: Doodle takes dad's scissors to her skin, and when she does relief comes setting in, while she hides the scars she's making underneath her pretty clothes, she sings: Hey baby, can you bleed like me? C'mon baby, can you bleed like me?
Det handlar om empati, sa Manson i eit intervju.
- Me gløymer så lett at folk er like, uavhengig av legning, religion, farge eller moralske verdiar. Uavhengig av forskjellane mellom folk, så er me essensielt sett sameleis. Det handlar om å vita at når du omgås andre folk, så må du hugsa at dei alle har med seg sin eigen bagasje, forklarer ho i eit intervju. Og sjølv om Manson snakkar vidare enn om sjølvskading, så er det ein ting som ofte vert sett på som sentralt: sjølvskadinga som eit rop om å bli sett. Men når ein av fem elevar på vidaregåande, i følgje ei undersøking frå Bergen, skal ha freista å skada seg sjølv – er det eit uttrykk for at så mange rett og slett ikkje blir sett? Liknande tal på sjølvskading finst også frå blant anna England. Motivet som ofte vert gjeve opp er at smerta gjev ei slags letting.
Sjølvskading må utvilsamt sjås på som eit sjukdomstrekk, men for meg er det eitt spørsmål som ligg for dagen: Er ikkje det ikkje eit symptom som går på meir enn personlege problem når dette ser ut til å vera ei motedille? Er det ikkje eit teikn på at samfunnet også er sjukt?
Kan ein hevda at det ikkje berre er tenåringar som skjer seg sjølv i handledda som driv med sjølvskading, men at sjølve samfunnet er sjølvskadande?

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Øyvind Strømmen <oes
EMO
eirik hatlevol
24. januar 2008