ideer estetikk kultur filosofi økonomi miljø meninger politikk nyheter litteratur språk trender musikk forskning it kunst historie identitet integrasjon ytringsfrihet personvern sikkerhet                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

Drage
Bli en del av Norden
Forskning Kultur Miljø Politikk Religion Samfunn Økonomi
Ikke-klikkbar annonse
Borgerjournalistene.org
Ikke-klikkbar annonse
Innsikt
Samlesider om Iran
Samlesider om EU
Meninger

Noko er råte i kongeriket Danmark!

Rashed er sint. Det har han grunn til å vera. Men det er fleire som har grunn til å vera sinte. Det er noko råte i kongeriket Danmark. Og det luktar ikkje heilt godt i Noreg heller.

- Det er eit faktum at ikkje alle muslimar er terroristar, men det er eit like visst og svært smertefullt faktum at nesten alle terroristar er muslimar.

Det skreiv Abdel Rahman al-Rashed, sjef i tv-kanalen Al-Arabiya, i den arabiske avisa al-Sharq al-Awsat i september 2004, i ein artikkel der han tek til orde for eit oppgjer med radikale muslimske leiarfigurar som Yusuf al-Qaradawi.

Lite ante Rashed at for at han skulle bli teke til inntekt for eit grunnleggjande anti-islamsk syn i ei dansk bok nytta i kristendomsundervising for femteklassingar, "Os og kristendom". I femte klasse møter elevane verdas nest største religion berre i eit einaste kapittel. Kapittelet heiter "Terrorisme". Og i det kapittelet møter ein berre muslimske terroristar. For, som elevane kan sjå sitert i skuleboka si, "selv om ikke alle muslimer er terrorister, så er alle terrorister muslimer". Setninga står uimotsagt. Kapittelet "Terrorisme" fortel ingenting om ETA, ingenting om irske republikanske nasjonalistar, ingenting om ekstremistiske rørsler i Latin-Amerika, ikkje eit ord om Rote Arme Fraktion eller om kristne separatistar i indiske Nagaland.

Er verkeleg alle terroristar muslimar? Not quite.

Rashed er sint no. Det har han grunn til å vera. Men det er fleire som har grunn til å vera sinte. Det er noko råte i kongeriket Danmark. "Os og kristendom" si framstilling kan best skildrast som lumsk propaganda.

I ei atmosfære der slikt kan skrivast i skulebøker, burde det ikkje overraska at nokon plasserer grisehovud på muslimske gravplassar. Det bør heller ikkje overraska nokon om det skulle koma til å skina som krystallar av knust glas frå innvandrarforretningar i skandinaviske gater. Biletet av innvandraren som skummel, farleg, trugande er allereie skapt. Umenneskeleggjeringa er allereie i gong. Den Evige Muslim er ein valdsmann.

Stikkorda frå karikaturkrigen flimrar forbi: sinte demonstrantar, brenning av flagg, åtak på ambassader, bloggarar for ytringsfridom, løgnaktige imamar, drapstrugslar, feige norske myndigheiter...

Eit bilete manglar. Så langt som eg kjenner til var det berre ein valdsepisode her til lands som vart sett direkte i samanhang med den såkalla krigen. Det kan vera eg tek feil, denne saka har heller ikkje fått mykje merksemd utover i dei lokale avisene Varden og Telemarksavisa.

Rett før midnatt laurdag 4. februar kom ein 35 år gamal norsk statsborgar med opphav frå Palestina heim frå jobben. I hendene bar han eit brett med juice som han skulle ha med heim. På veg inn i huset ser han fleire unge menneske utanfor, blant dei to unge menn og ei kvinne. Dei har vore på fest. Den eine mannen tek jusbrettet frå 35-åringen. Han ber om å få det attende, men då tek den andre mannen tak i han og trekkjer han inn mot veggen. Så slepp han, men då tek den andre tak. Han ber dei om å slutta å tulla, men vert så skore med ein foldekniv. Blodet rann frå eit nesten åtte centimeter langt kutt.

- Din jævel, du som brente norske flagg, seier han med kniven.

Frå stovevindauga såg 35-åringen si ni år gamle dotter det som hende. Sjølv ho vert oppfatta som farleg i mykje av det som vert skrive om islam og muslimar i dag. Redusert til eit tal, vert sjølv ho gjort om til den Evige Muslim, til ein av dei som bringer undergangen til det for lengst fortapte Europa.

Det er noko som stinkar i kongeriket Noreg også.

Ikke-klikkbar annonse