Ein pasjtunar og hans jihad
Stundom er det underleg kva som forsvinn i mørkret. Spør du nokon kven Gandhi var, vil dei aller fleste gje deg eit svar. Seier du Ghaffar Khan, vil dei færraste ana kven du snakkar om.
Det vert fortalt om mulla Nasiruddin at han ei natt leita etter ein mynt han hadde mista. Han gjekk fram og attende under lyset frå ein gatelampe og granska kvar tomme, men utan hell.
Snart fekk han også hjelp frå ein forbipasserande, men stadig fann dei ingenting. Til slutt spør den forbipasserande Nasiruddin om han veit kvar han eksakt mista mynten. Mullaen peiker på eit hjørne på den andre sida av gata.
«Men kvifor i alle dagar leiter du ikkje der då?»
«Fordi det er mørkt der borte,» svarte mullaen.
Stundom er det underleg kva som forsvinn i mørkret. Spør du nokon kven Gandhi var, vil dei aller fleste gje deg eit svar. Seier du Ghaffar Khan, vil dei færraste ana kven du snakkar om. Det er underleg, fordi pasjtunen Ghaffar Khan var ein av Gandhi sine næraste allierte; muslimen som førte jihad utan våpen.
Pasjtunarane er kjend for å vera eit krigersk folkeslag, kjend for å ha skapt problem for det britiske imperiet, kjend for å ha spela ei sentral rolle blant mujahedin i krigen mot sovjetarane i Afghanistan, kjend for Taliban. Dei er ikkje kjend for Khudai Khidmagtar, Guds tenarar, raudskjortene, ei ikkje-valdeleg masserørsle, som etter sigande hadde 100.000 medlemmer.
Rørsla vart grunnlagt etter inspirasjon av Gandhi sitt ikkjevaldsomgrep, satyagraha.
«Eg skal gje dykk eit våpen politiet og hæren ikkje vil vera i stand til å stå imot,» sa Ghaffar Khan til medlemmene, «det er Profeten (Muhammed, min anm.) sitt våpen, men de veit det ikkje. Våpenet er tolmod og rettvis framferd. Det finst ikkje ei makt på jorda som kan stå imot».
Khudai Khidmagtar kjempa for sosiale reformar, jobba med tiltak mot prostitusjon, var opptekne av utdanning og motsette seg det britiske imperiet sin kontroll over India.
Ghaffar Khan trudde på eit sekulært og samla India. Det skulle kosta han dyrt då Pakistan vart oppretta. I årevis sat han fengsla eller i husarrest, ei tid levde han også i eksil i Kabul. Khudai Khidmagtar vart forbudt i 1948. 12. august det året opna politiet eld mot hundrevis av demonstrantar, som hadde samla seg ved moskeen i Babra. Politiet refererte til demonstrantane som «hinduar» og moskeen som ein «hindumoské». Rundt halsen hadde mange av ofra hengande ein miniatyrkopi av Koranen.
Ghaffar Khan døydde - under husarrest - i Peshawar i 1988. Titusenvis av menneske tok del i gravferda, marsjerande gjennom Khyber-passet frå Peshawar til Jalalabad i Afghanistan. Ei våpenkvile vart erklært for å lata gravferda finna stad.

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Øyvind Strømmen <oes