Om Henry George og Odd Roger Enoksen
Korleis kan det moralsk forsvarast at samfunnet blandar seg inn i kva ei bedrift driv på med på bedrifta sitt eige område? Svaret er ganske enkelt: naturressursar er moralsk felleseige. Det er det sentrale prinsippet den norske regjeringa gjennom sin inngripen i heimfallssaka har forsvart.
I det Gamle Testamente får me fortalt at israelittane var uthungra etter å ha reist gjennom ørkenen, og at Gud sende manna ned frå himmelen. Det var nok til alle, og dei tok mannaen og dei var letta. Men dersom ein seier at ørkenen var privat eigedom, slik som jorda i Storbritannia er det, og slik jorda er sjølv i våre nye Statar; dersom ein seier at ein av israelittane eigde ein kvadratkilometer, og ein annan eigde tjue kvadratkilometer og ein tredje eigde hundre kvadratkilometer, og at størstedelen av israelittane ikkje eigde jord nok til å setja føtene sine på - kva ville då skje med denne mannaen? Kva ville han ha gjeve fleirtalet av godt? Ikkje ein smule.
Sjølv om Gud sende manna nok til alle ville mannaen vera jordeigarane sin eigedom, dei hadde kanskje tilsett nokre av dei andre til å samla han saman i haugar for seg, og ville så seld han til sine svoltne stammefrendar. Tenk over dette, denne innsamlinga av og salet av manna kunne ha halde fram til storparten av israelittane hadde gjeve alt dei eigde, sjølv klerne sine.
Og kva hadde resultatet vore? Dei ville ikkje hatt noko å kjøpa manna for, og konsekvensen ville ha vore at dei vart verande svoltne, sjølv om mannaen låg i store haugar og jordeigararane hadde ha klaga over overproduksjonen av manna. Det ville ha vore ein stor manna-avling og svoltne folk, akkurat det same fenomenet som me ser i dag.
(Henry George: Fattigdom som lovbrot, 1885)
Det er heldigvis liten grunn til å bruka tid på å argumentera mot ideen om det totale felleseige. Det er berre nokre få svermarar av den typen som verkeleg har forlese seg fullstendig på Marx som framleis trur på slikt, og dei fleste av dei vil nok protestera om du freistar å ta palestinaskjerfet frå dei. Eg er ikkje overbevist om at Knut Sparhell sin kritikk av Magnus Marsdal er særleg rimeleg, men Sparhell har heilt rett i ein ting: demokratifrie soner er ein grunnpillar for eit liberalt demokrati.
Det er rett og slett så enkelt som at eit folkefleirtal ikkje har rett til å avgjera alt mogleg. Kommunestyret i min kommune eller parlamentet i mitt land skal ikkje blanda seg opp i om eg kjøper seterrømme eller lettrømme, eller om eg vil freista lukka som kokk eller gullgravar (eller som noko heilt anna). Men samstundes er det klart at desse folkevalda organa faktisk har rett til å - til dømes - slå fast at ei bedrift ikkje kan pumpa ut så mykje drit som dei berre orkar i det lokale vassdraget, og det sjølv om heile vassdraget skulle vera privat eigedom.
Det er heldigvis ikkje særleg grunn til å argumentera mot at folkevalde organ har slike rettar heller. Det er få som er ueinige. Dei få som er det har eit like totalt verdsbilete som dei som seier at alt er felleseige. Båe typar total tenking gjev seg lett utslag i totalitær tenking.
Det interessante spørsmålet er difor: Kvifor har dei folkevalde organa denne retten?.
Korleis kan det moralsk forsvarast at samfunnet blandar seg inn i kva ei bedrift driv på med på bedrifta sitt eige område? Svaret er ganske enkelt: naturressursar er moralsk felleseige. Som Thomas Paine, av mange rekna for å vera ein av dei klassiske liberalistiske tenkjarane, skreiv i "Agrarian Justice" (1797):
It is a position not to be controverted that the earth, in its natural, cultivated state was, and ever would have continued to be, the common property of the human race. In that state every man would have been born to property. He would have been a joint life proprietor with rest in the property of the soil, and in all its natural productions, vegetable and animal.
Lufta me alle pustar i, vatnet i elvene og fisken i fjordane våre, jorda me dyrkar poteter og gulrøter i, villbringebæra som veks i marka, soppen som veks i skogen. Alt dette er moralsk sett felleseige. Allemannsretten handlar om mykje meir enn retten til å slå opp telt i villmarka. Naturen er ei felles arv, og me har felles ansvar for han.
Som forvaltarar av vår felles eigedom har folkevalde organ sjølvsagt retten til å til dømes avgrensa marknaden. Marknaden er ikkje noko anna enn ei fellesskapsløysing blant fleire - marknaden er ingen naturtilstand.
Dette endrar ikkje på den moralske retten til privat eigedom. Den retten er eit produkt av arbeid. Eg kan ikkje gjera krav på blåbæra i utmarka, men eg kan gjera krav på bergmynten eg har i hagen. Den har eg sjølv planta. Eg har sjølv luka vekk ugras. Eg har sjølv vatna bedet i ein solrik juni månad. Det er min bergmynte.
I dag skjer diverre ofte det Henry George snakka om i talen eg har sitert ovanfor. Nokon forgiftar mannaen! Nokon privatiserer han! Nokon tek ting som er felleseige frå fellesskapet og gjer det sitt til eige. Det verste av alt er at desse tjuvane i blant stel på heilt lovleg vis. Lov og moral er ikkje det same.
"Himlens regn, som ved vor naturs beskaffenhet opmagasineres paa fjeldet som hvite kul er en rigdom, som vi ikke vil kaste ut som grams for fremmede gribbe". Det sa mannen som kanskje må reknast for å vera faren til den norske heimfallsordninga, Johan Castberg.
Ein kan kanskje seia at uttrykket "framande gribbar" med tida har vorte noko politisk ukorrekt, og arbeidardemokraten Castberg hadde definitivt tvilsame synspunkt på ei rekkje område. Det sentrale i sitatet er imidlertid "vor naturs beskaffenhet". Fossar og vassdrag er moralsk manna, dei er felleseige. Då private aktørar fekk løyve til å byggja kraftverk og gjera seg nytte av vasskrafta var det eit løyve til å gjera seg nytte av noko som tilhøyrer samfunnet i fellesskap.
Vilkåra var klåre. For å sikra seg "en almengavnlig utvikling av vore naturherligheter", vart heimfallsordninga innført, trass i "en kraftig politisk agitation, som har været baaret av de mægtige grupper, som gjerne vil være alene om at skumme fløten av vore naturrigdomme". Private aktørar fekk løyve til å utnytta ein felles ressurs. Betalinga var heimfall.
Offentlege aktørar vart unnateke ordninga. Diskriminering kallar nettavisa Liberaleren det. Men det er rein logikk. Stikkordet er "offentleg", eller lat oss bruka det engelske ordet "public" - "acting on behalf of the people or community".
Det var sjølvsagt ikkje alle som likte heimfallsordninga. Nokon private aktørar fantaserte kanskje om godt gamaldags avtalebrot, og dersom dei gjorde det er det grunn til å tru at dei fekk vatn i munnen då dei fekk ESA og EFTA-domstolen med på laget. Løysinga regjeringa til slutt fall ned på var meir eller mindre den einaste moglege løysinga dersom ein skulle syta for å halda felles eigedom felles, utan å samla all vasskraft i statsmakta sine hender. Takka vera EØS var det kanskje den best tenkelege løysinga, og løysinga gjev i det minste moglegheit for desentralisert felleseige.
Det som er synd er at private aktørar ikkje lenger vil få konsesjon til å driva med storskala vasskraftproduksjon i Noreg. Det er ingen grunn til at ein ikkje skal kunna gje private selskap moglegheita til å vera med i utviklinga av norsk vasskraft og til å tena pengar på investeringane sine. Det sytte heimfallsordninga som ESA ikkje godtok for at var mogleg.
Det som er bra er at Regjeringa har sytt for at avtalane vert overhaldne. Ingen tjuvar og bandittar kan sleppa unna med å stikka av med vårt felles arvesølv. Ikkje ein gong på lovleg vis.

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Øyvind Strømmen <oes