ideer estetikk kultur filosofi økonomi miljø meninger politikk nyheter litteratur språk trender musikk forskning it kunst historie identitet integrasjon ytringsfrihet personvern sikkerhet                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

Drage
Bli en del av Norden
Forskning Kultur Miljø Politikk Religion Samfunn Økonomi
Ikke-klikkbar annonse
Borgerjournalistene.org
Ikke-klikkbar annonse
Innsikt
Samlesider om Iran
Samlesider om EU
Meninger

Kven tviler på svevestøvet?

Santiago de Chile kort etter en regnskyll

Santiago de Chile kort etter en regnskyll. Arkivfoto: Wurstsalat.

Ikke-klikkbar annonse

Kommentarer

Se også:

Eg har inntrykk av at delar av det såkalla grunnfjellet i det konservative Noreg ikkje trur at klimaendringane er menneskeskapte. Det må dei gjerne tru, men speler det eigentleg ei rolle?

Bloggaren Heidi Nordby Lunde har den siste tida skrive fleire innlegg der ho stiller seg tvilande til FN sitt klimapanel.

Av ein eller annan grunn vel å ho også å innta ei sjølvpåført offerrolle, gjennom å «hitla» seg sjølv og hevda at dei som stiller seg tvilande til at klimaendringane me ser i dag er menneskeskapte «vert stempla som fascistar».

Eg har vore aktiv i miljørørsla, har hatt ein plass i landsstyret i Natur og Ungdom og har stått på vallister for Miljøpartiet dei Grøne. Den siste tida har eg så smått vore aktiv i det belgiske søsterpartiet. Eg har møtt ein del gærne miljøvernekstremistar. Men eg har aldri, ikkje ein einaste gong, høyrd klimatvilarane – lat oss kalla dei det – omtalt som «fascistar». Eg mistenkjer Nordby Lunde for å setja opp ein slem draumemotstandar i staden for å gripa fatt i faktiske motstandarar, dei vanlege «truande» i det ho kallar «den nye religionen» - trua på FN sitt klimapanel.

Sidan Lunde er tillitsvald i Høgre og etter ein del av kommentarane ho har fått på bloggen sin har eg inntrykk av at delar av det såkalla grunnfjellet i det konservative Noreg ikkje har mykje tru på at klimaendringane me no ser er menneskeskapte.

Sjølv vel eg å lytta til det massive fleirtalet av forskarar som meiner det motsette, og eg registrerer at sjølv tidlegare skeptikarar som Gregg Easterbrook har snudd:

«Har det skjedd noko dei siste åra som burde få ein fornuftig person til å skifta sider i debatten om global oppvarming? Ja. Vitskapen har endra seg frå å vera tvetydig til å vera nær unison [i sine konklusjonar]. Som ein kommentator på området har eg lenge markert meg som ein motstandar av alarmisme. Men basert på datamaterialet [som er tilgjengeleg] har eg no skifta side i spørsmålet: frå skeptikar til konvertitt».

Teorien om at den globale oppvarminga er menneskeskapt er sjølvsagt berre ein teori. Klimaet har alltid endra seg, og det er ikkje umogleg at endringane me no ser også kjem frå andre årsaker. Som klimatvilarane veit har fleire alternative teoriar vorte lansert. Det kan vera at fleirtalet av verdas klimaforskarar tek grundig feil. Spørsmålet er kor sannsynleg dette er, og om me er viljuge til å spela terningsspel med såpass dramatiske følgjer som det her kan vera snakk om som innsats? Kva om dei ikkje tek grundig feil, og me likevel ikkje vel å lytta til dei?

Hell er som kjend ein stad i Trøndelag, og vegen dit er ikkje brulagt. Vegen er asfaltert.

Neste veke reiser eg til Hannovermessa, den kanskje viktigaste industrimessa i verda. Der vert blant anna energibruk tema, og det slåande er at mennene i dress i industrien (det er stort sett menn) no snakkar nær same språk som me i miljørørsla gjorde for lenge sidan. Temaet vert rekna for å vera svært viktig på bakgrunn av «vesentlege globale utfordringar, som hurtig veksande olje- og gassprisar, klimaendringar og hurtig veksande etterspørsel i tett befolka utviklingsland». I følgje industrimessa sine heimesider «skrik desse spørsmåla etter [vår] merksemd. «Å oppnå ein berekraftig kombinasjon av energi for framtida krev høgare energieffektivitet, nyskapande teknologi og, i aukande grad, [...] integrering av fornybare og konvensjonelle energikjelder».

Det kunne nesten ha vore henta ut av Natur og Ungdom sitt miljøpolitiske program.

Det viktigaste me kan gjera for å avgrensa menneskeskapte klimaendringar er å redusera bruken av ikkje-fornybare energikjelder som olje, gass og kol. Men det er faktisk noko me burde gjera uavhengig av om fleirtalet av forskarane er nokre brødhovud eller ikkje. Det er mogleg å tvila på at den globale oppvarminga er eit resultat av menneskeleg aktivitet, men det skal godt gjerast å betvila dei negative følgjene bruk av fossile energikjelder har i form av lokal ureining. Dei som tviler vert tilrådd å ta seg ein studietur til ein stad med smog. Det er heller ikkje noko særleg tvil om me bør endra transportmønsteret vårt? Kven er det eigentleg som tviler på svevestøvet? Kven er det som ikkje ser det idiotiske at det er lettare å kjøpa chilenske epler i butikkar i Bergen enn det er å kjøpa epler frå Hardanger?

Heilt uavhengig av klimaendringane vil det vera gunstig for menneske og miljø å vri energibruken over på fornybare energikjelder som vasskraft, vindkraft, bølgjekraft og solenergi. Det vil vera bra å gå over frå diesel til hydrogen. I tillegg til å bidra til mindre ureining vil ein kunne stimulera til meir desentralisert kraftproduksjon på denne måten. Det skjøna den danske oppfinnaren Poul la Cour allereie for hundre år sidan, og det ville vera reint for gale om folk på norsk høgreside endå ikkje skulle henga med.

I tillegg til denne bonusen ville eit slikt skifte gjera oss mindre avhengige av ein avgrensa ressurs. Eit skifte frå olje- og sløseøkonomien av i dag til bruk av fornybare energikjelder og sterkt fokus på energieffektivt er dermed meir berekraftig også reint økonomisk. På denne bakgrunnen er det eigentleg bortkasta tid å krangla om klimarapportar. Menneskeskapte klimaendringar er sjølvsagt ein god grunn til å tenkja grønt, men det er langt frå den einaste.

Ikke-klikkbar annonse