- Borgarjournalistikk blir nok noko drit
Kva kan borgarjournalistikk levera? Me spurde bloggar Bjørn Stærk, mediavitar Martin Eide og iniativtakar til borgerjournalistene.org, Jarle Petterson.
Ingen informert politikar kan ha unnlatt å leggja merke til endringane som har skjedd i journalistikken dei siste tredve åra. Dei meiningsdannande avisene, som brukte å samla lesarar i leire splitta etter partilinene, som brukte å balansera og motarbeida kvarandre, har no vorte erstatta av store nyhendeorgan. Det som har hendt i industrien har også skjedd med pressa. Massive festningar har vorte bygd opp, slott som skyggar over og truar med å knusa dei mindre festningane.
Dette skreiv franskmannen Joseph Caillaux tidleg på tjuetalet. Det er vanskeleg å seia seg ueinig sjølv i dag. Mediehusa har vorte større og større. Den norske mediemarknaden er fullstendig dominert av nokre få aktørar. Sjølv aktørane som lever utanfor denne mediamarknaden, småaviser, alternative media, lokalaviser, bloggarar, nisjepressa, følgjer i stor grad dei same spelereglane.
Evigmoderat
Den radikale venstresida vil seia at media er høgrevridd, FrP-venleg, lite samfunnskritisk. Høgresida vil seia at media er venstrevridd, dominert av journalistar som også stemmer til venstre. Sanninga ligg, som så ofte før, ein stad midt i mellom. Den norske medieverda er eit einsretta sentrumsdiktatur, det er få stemmer som skil seg ut. Anti-amerikanisme vert kanskje oppfatta som venstrevridd, men i Noreg er det ikkje det. Forsiktig, men ofte kunnskapslaus kritikk av islam vert kanskje tilskrive høgresida, men er politisk korrekt ein stad langt inn i SV. Torbjørn Røe Isaksen i Unge Høgre har snakka om det ekstreme sentrum, men det er ingenting ekstremt ved det.
Norsk politikk og norske media har nemleg ein ting til felles. Dei høyrer til det evigmoderate sentrum. I blant kan det gje ekstreme utslag. Men det er slikt det gjerne tek ei stund å oppdaga.
Meir enn privatradio?
Korleis endrer ein på det? Ny teknologi, meiner nokon, er svaret. Andre er meir skeptiske. John Markoff, New York Times sin veteran på datajournalistikk, uttala seg svært pessimistisk om blogging tre år attende.
- Det er i grunnen ikkje klart om blogging er noko meir enn privatradio.
Og du veit, gje fenomenet fem eller ti år, og sjå om det veks noko ut av det. Det er mogleg at det til slutt vil vera ei lita undergruppe, som klarer å leva av det og at resten av folka finn ut at det å ha ei dagbok online kanskje ikkje er det nyttigaste dei kan gjera med tida si.
Likevel er det ingen tvil om at det med Internett har vorte lett å driva eit nettmagasin, ein blogg, jamvel å laga privatradio, mykje lik den gamle. Videoblogging i ulike variantar er i ferd med å ta av. Så lenge ein slepp å tenkja på økonomien, og har ein jobb som betaler internettrekninga og datamaskina, kan ein no, på sett og vis, starta sitt eige trykkeri.
- Alter the currency
Det finst då også ei rekkje aktørar på nettet, som utfordrar det evigmoderate sentrum frå ulikt hald, liberalistar, kommunistar, konservative kristne, radikaldemokratar, hardcore ateistar, nazistar, you name it. You name it. Du finn det nok på Internett. Ikkje minst finn du dei i bloggosfæra.
- Nyhende- og politikkbloggarar utforder etablerte enkeltmedia, seier bloggaren Bjørn Stærk til Depesjer. Han var ein av dei tidlegaste politisk orienterte bloggarane i Noreg.
- Ser du på stilen deira er dei likevel ein del av mediaetablissementet. Dette er jo folk som trur at om du berre kjem med billege og ugjennomtenkte vinklingar som strir mot dei billege og ugjennomtenkte vinklingane som dominerer dei store media, så har du gjort noko radikalt. Men det radikale er å ikkje delta i det spelet, og å spela etter eigne reglar i staden. Alter the currency.
- Kva skil blogging frå journalistikk?
- Det er ein semantisk diskusjon, og ikkje så interessant. Det kjem heilt an på korleis du ynskjer å definera journalistikk, og kva oppnår me med å definera journalistikk? Dersom me derimot kan klara å definera kvalitet på tvers av sjangrane, då har me fått til noko, meiner Stærk.
Stærk er likevel positiv til ei utfordring frå amatørmedia til midtstrømsmedia:
- Dersom dei kan skapa kaos i mediebiletet, så er eg veldig for det. Berre ein hugsar at kaos ikkje med naudsyn vil gje ein betre situasjon, resultatet kan godt bli at mainstream blir endå dummare, og at du må gå til spesialmedia for å finna det minimum av kvalitet du bør kunna forventa i ei vanleg avis. Men… nivået er så lågt frå før, at eg er viljug til å ta den sjansen.
- Kvaliteten avgjer
Martin Eide, professor ved institutt for informasjons- og mediavitskap ved Universitetet i Bergen, seier noko av det same.
- Borgarjournalistikk ser eg som eit interessant uttrykk for ein ny mediasituasjon, meiner Eide.
- På sitt beste kan fenomenet bidra til å utfordra etablert journalistikk, men det gjer ikkje den klassiske journalistikken overflødig. Trongen til informasjon som er handsama i tråd med klassiske journalistiske normar og kvalitetskriteria vert ikkje mindre, tvert om.
- Likevel kan borgarjournalistikken verta eit fascinerande supplement til journalistikken. Som blogging kan den by på friske takter og nye røster, den kan berika samfunnsdebatten. Eller den kan bidra til ein krangelkultur, seier Eide.
- Det står og fell på innhaldet og krafta i argumenta og stoffet som vert tilbydd.
- Demokratisk potensial
- Eg har inntrykk av at bloggane stort sett er kjenneteikna av at dei fyrst og fremst formidler innehavaren sine sterkt subjektive oppfattingar, seier Jarle Petterson, redaktør for depesjer.no og iniativtakar til den nye nettstaden borgerjournalistene.org.
- Blogging er jo så mangt, og omfattar alt frå personlege dagbøker via politiske megafonar til journalistiske prosjekt. Dermed er det ingenting i vegen for at visse bloggtypar kvalifiserer for borgarjournalistikk-namnet, men det er vel fyrst når slikt materiale vert samla i eit avisliknande konsept at omgrepet kjem fullt ut til sin rett.
- Korleis meiner du borgarjournalistkk kan gjera mediaverda rikare?
- Avisene har vore veldig opptekne av bloggefenomenet dei par-tre siste åra, og har spådd at bloggarane sitt inntog på mediahimmelen vil bidra til å forandra pressa totalt. Eg ville kanskje ikkje vore fullt så optimistisk på verken bloggefenomenet eller borgarjournalistikken sine vegne, seier Petterson.
- Teknologientusiasme er smittande greier, eg har vore der før, nemleg. Når støvet har lagt seg, viser det seg ofte at det meste blir ved det gamle.
Petterson har, ikkje uventa, likevel tru på borgarjournalistikken som eit verdifullt supplement.
- Den kan godt også koma til uttrykk på trykk eller i andre elektroniske media enn nettaviser. Det er jo det som er det vakre med at alle dei fantastiske publiseringsverktøya med eitt har vorte tilgjengelege frå kjøkenkroken.
- Borgarjournalistkk og blogging har eit demokratisk potensial, meiner Eide.
- Det kan sjølvsagt ikkje forløysast kvar dag, men alt som utfordrer konvensjonell journalistisk fortolking og formidling, er av det gode, ikkje minst for journalistikken sjølv.
Kva er skiljet?
Så kva er skiljet mellom blogging, borgarjournalistikk og journalistikk? Er det skiljer i det heile? Eit skilje kan kanskje setjast ved i kva grad den som skriv tek i bruk metodar frå journalistikken. Men skal det stogga der?
- Det fine med ei amatøravis er at du kan fanga opp fyrstehåndsskildringar, som elles aldri når fram. Problemet er at det er vanskeleg å fylla ei heil avis med dette. For kva er det me liker å skriva om? Jo, det er dei Store Nyhenda og Mi Meining, seier Bjørn Stærk.
- Der skal det ein del til for å seia noko som er både interessant, lesbart og til å stola på; i alle høve meir enn eg trur skribentane kjem til å leggja i artiklane sine. Ynskjet mitt er at skribentar i alle amatørmedia riv seg laus frå heile avisboksen, og både tør å bryta ned dei vanlege avissjangrane og å sikta høgare enn dei profesjonelle. Tørra å tenkja "det eg driv med er ikkje bra nok", og ikkje vera nøgd berre du klarer å gjenskapa stilen til ei såkalla profesjonell avis - det kan jo nesten alle klara.
- Borgerjournalistikk blir nok noko drit, men for nokon vil mediet gjera det mogleg å oppnå ting dei store media ikkje klarer eller gidd, avslutter Stærk.
Prøv deg som borgarjournalist her

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Øyvind Strømmen <oes