Du må ingenting. Alternative påskeforslag
Påska er ikkje tida for påskekrim. Påska er tid for ferie og for å gjere kva ein vil. Det går få dagar i løpet av eit år utan at nokon fortel ein kva ein må og ikkje må. Ein må lese enkelte bøker, ein må sjå enkelte filmar og ein må bli brun i påskefjellet. Gjerne er det venner som har opplevd noko bra og gjerne vil at du skal oppleve det same, noko som jo er hyggeleg nok, men like ofte, og særleg i høgtidsperiodar, er det aviser eller vekeblad som seier kva du må.
No i påska må du for eksempel på fjellet. Du må lese og sjå krim, du må ete lam, og du må løyse Roald Øyen sine alt for enkle påskenøtter.
La meg berre ha det heilt klart: Du må ingenting. Det finst ingen bøker, plater eller filmar her i verda som er obligatoriske. Det finst inga fast oppskrift for kva påska eller jula eller sommaren skal innehalde, og det er ingen andre enn ein sjølv som veit kva som er best når ein sjølv har ferie. Forslag og inspirasjon er derimot bra. Og her er mine forslag til kva påska også kan innehalde.
Første steg på vegen kan for eksempel vere ei lett bok, som kan lesast på veg til hytta eller heime i sofaen. Det er fint å roe ned mot ferien med noko enkelt og underhaldande, som ikkje krev for mykje, som går raskt å lese, og som likevel ikkje er nøydd til å vere krim. Eg kan for eksempel varmt anbefale Running with Scissors av Augusten Burroughs. Sjølv om det ikkje gjekk så bra med filmversjonen som nett var på kino, er boka absolutt verdt å bruke ferietid på. Her er nydelege og utruleg festlege skildringar av ein ung guts oppvekst, delvis hos ei sprø mor og hos delvis psykologen hennar sin utagerande familie. Her er alternative levevis på sitt mest ekstreme, seksualitet i alle formar, valium i store mengder og karakterar du aldri hadde drøymt om. Ein ler, blir sjokkert og tenker at eins eiget liv er noko kjedelige greier, og sit i alle fall igjen med ein ide om å ta ting litt meir med ro og senke litt på krava om det perfekte. Betre måte å starte ferien på finst det vel ikkje. Det er dessutan tilrådd å sjå innom augusten.com for litt ekstra inspirasjon om ein skulla ha ei datamaskin i nærheita.
Etter at ein er ferdig med å lese Augusten, får ein definitivt lyst til å lese meir. Sidan ein faktisk har ferie, er det no ein har tid til å lese det ein gjerne skulle ha lest resten av året men ikkje har hatt overskot til før no. Det kan gjerne vere krim, men det må ikkje vere det. Eg syns for eksempel det er fint å lese lange og gjerne omfattande bøker som ein held på med ei stund og lever seg inn i og ikkje vil bli ferdig med. I år har eg tenkt å lese Forsøk med et århundre, som Göran Tunström ikkje rakk å bli ferdig med før han døydde, men som likevel vart redigert og utgitt av mellom andre Göran Sonnevi. Eg veit ikkje om det er ei god bok, men ideen om ein uferdig roman er tiltalande. Eg kan dessutan anbefale Haruki Murakami si bok Trekkoppfuglen, som eg nett har lest ut. Den er utfordrande og til tider irriterande, men det har ein jo overskot til i påska, særleg om ein ikkje går alt for mykje på ski, ein annan ting ein slett ikkje må.
Etter at den tjukke romanen er ferdig, eller sannsynlegvis også undervegs, er det tid for masse mat og sjølvsagt masse drikke. Lam og raudvin er godt, men det er sjølvsagt ikkje noko ein må ha i seg. Ein kan like gjerne gjere som meg og min kjære, og kjøpe ein gigantisk svineknoke, som ein legg i masse salt nokre dagar før ein stappar den full av salvie, kokar den i to og ein halv time og grillar den til den nesten ikkje heng saman. Og så ete til ein sprekk. Drikke til er øl i store mengder, gjerne Nøgne Ø sitt påskeøl eller Frydenlund Bayer, eller kanskje ei flaske Gewurzt frå Alsace. Men eg må innrømme at eg er veldig glad i raudvin. Eg har no hamstra nyheiter på polet, og gler meg aller mest til Rosso di Montalcino 2005 frå Canalicchio di Sopra, som må seiast å vere eit godt kjøp til litt over ein og ein halv hundrings. Dessutan er det mest idiotsikre kjøpet på polet ein Barbera d’Alba 2004 frå Fenocchio. Den er, og vil alltid vere, ein favoritt.
Etter ein kveld med god mat og litt for mykje drikke, er film tingen. Då må ein ikkje sjå krimen på TV, der ein ikkje ein gong veit om ein får vite mordaren etter ti episodar, men ein kan også vere så gal at ein hamstrar DVD-ar med ikkje-mordarisk innhald. TV-seriar på DVD er eit godt alternativ i påska, og eg synst ikkje det finst særleg mykje betre ting i videobutikken enn Angels in America (Nichols 2003), ein miniserie kvalitetssikra av Tony Kushner, nokre av vår tids beste skodespelarar og eit emne som aldri blir overeksponert. Eg blir heller aldri lei av å sjå filmar som Delikatessen (Jeunet og Caro 1992) og Betty Blue (Beineix 1986), som begge er fransspråklege klassikarar på lik linje med Poirot. Kan ein ikkje klare seg utan mord, er dessutan Twin Peaks (Frost og Lynch 1990) eit godt alternativ til Wallander.
Så vil kanskje ferien nærmar seg slutten, og då kan ein gratulere seg med at det er mogleg å gjennomføre ei påske etter eigne preferansar. Ein har kanskje fått tid til å gjere det ein sjølv har lyst til og elles ikkje har tid til. Og ein kan byrje å bygge seg opp eit repertoar av ting ein skal gjere neste gong ein har fri, fordi det er noko av det beste med å ha fri ein gong innimellom. God påske!

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Guri Idsø Viken <giv