Lansering av innbyggjarportalen Miside i dag
Kvar enkelt innbyggjar får no sin eigen skreddarsydde side med offentlege elektroniske tenester og dialog med offentleg forvaltning. Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys lanserte i dag innbyggjarportalen Miside. No skal brukarane lett kunne finne fram til dei tenestene dei treng utan forkunnskapar om kva for offentleg etat og kva for forvaltningsnivå som har ansvaret for tenesten.
- Tenk deg at familien skal flytte til ein annan del av landet. Da må ein til Skatteetaten sin nettstad for å melde flytting, på NAV sin nettstad for å finne ein ny fastlege på den staden ein skal flytte til og til kommunens nettstad for å søke barnehageplass. Med Miside kan du gjere alt dette på same plass, seier Heidi Grande Røys i ei pressemelding i dag.
På Miside kan brukaren få utført ulike offentlege tenester, som til dømes byte fastlege, melde flytting, endre skattekort, bestille helsetrygdkort eller søke om fastrente på studielånet. Miside gir òg kvar enkelt høve til innsyn i informasjon om seg sjølv i offentlege register. Ein kan til dømes slå opp på "Mi adresse", "Min fastlege”, ”Mine eigedommar” og "Mine kjøretøy". Miside vil dessutan tilby ei sikker elektronisk postkasse for meldingar til og frå forvaltninga. Her kan brukaren få personlege meldingar frå offentlege verksemder. Dette kan vere melding om behandling av ein søknad eller melding om at kjøretøyet ditt skal til periodisk kjøretøykontroll, heiter det i pressemeldinga.
- Dette er ei grunnpakke med eit utval av tenester frå seks statlege etatar og 23 kommunar. Eg er spesielt nøgd med at vi har fått med dei første kommunane i Miside. Dei har gått føre og vist at ein kan oppnå resultat ved samarbeid på tvers av sektorgrensane. Men dette er berre starten. Målet er at alle relevante elektroniske tenester, frå både stat og kommunar, skal bli tilgjengelig i Miside seier Grande Røys.
Informasjon om Miside og PIN-koder for tilgang blir nå sendt saman med skattekort eller frikort til om lag fire millionar innbyggjarar frå no fram mot nyttår. For å logge inn brukar ein PIN-kode og passord som ein veljar sjølv, og ein treng berre å logge seg inn éin gong for å få tilgang til alle tenestene.
Miside-prosjektet vart lansert som eit samarbeidsprosjekt mellom fleire etatar og leia frå departementet. No er ansvaret overført til Noreg.no, som er ein etat i Leikanger underlagt Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Miside kjem på nynorsk, bokmål, samisk og engelsk.
Adresser:

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Jarle Petterson <jp