Avskaff norsk!
Gløym Ivar Aasen. Gløym Knud Knudsen. Gløym heile kostebinderiet, høgnorsk, riksmål og alt språkkjas og mas. Hiv det på sjøen! Noreg treng ei marathi-rørsle!
Det kan vera du har vondt for å tru det, men norsk språkdebatt manglar noko. Her sutrar og grin språkfattige byfolk over at dei vert tvunge til å verta litt mindre språkfattige, medan språkrøktarar av den fjøslatinske typen sutrar og grin over at språkfattige byfolk sutrar og grin over at dei vert tvunge til å vera litt mindre språkfattige.
På toppen av det heile er det opp til fleire grupper som kjemper for eit språk basert på korleis ting var før rettskrivingsreformar for lenge sidan: «Høgnorsksaki hev fenge ein uppsving det siste tiåret». Sutrar og grin gjer desse og, og sjølv når dei ikkje gjer det, så får dei det jammen til å hørast slik ut: «Det er ikkje dei ytre plaggi og tinglege greidone som merkjer ut kva som er norsk eller ei, ostehøvlar, papirklemmer («binders»), kledesbunader eller rosemåla kråskåp. Viktugare er medvitet um sams soga, upphavsmytar, referanseråmor og språklege bilæte som målet og sogeformidlingi millom ættledene hev halde uppe».
Dei i hi leira er ikkje noko betre dei heller, riksmålsfolka, som klarer å innbilla seg sjølv om at det er riksmål som er «det skrevne og talte norske standardspråket» - eller sproget, kanskje.
Tullingar og toskar er dei heile gjengen. Norsk er eit ubetydeleg språk, berre prata av nokre få sjeler ytterst på kysten på ei halvøy som er inntylla i mørke halve året. Bokmålsfanatikarane har for lengst forklart oss kvifor ubetydelege språk ikkje er verd å bry seg med. Dei er berre plagsame. Og norsk er eit grueleg plagsamt språk: alle desse helvetes språkdebattane er nok til å gnaga hol i ørene på djevelen sjølv.
Og det skal ganske mykje til! Det var trass alt djevelen sjølv som designa trøndersk talemål.
Men det er ikkje nok med det. Norsk språk er, som andre språk, ein kulturberar. Men under slike tilhøve som dei eg nemnde ovanfor, er det sjølvsagt umogleg å skapa noko form for høgverdig kultur. Punktum. Lat meg ta eit illustrerande døme. Det franske pubbandet Téléphone song så vakkert: «Même si tu ne parles pas, Et que je ne parle pas, J'aime ce silence là, Si je te sens avec moi, Donne-moi, Un peu de ton amour». Eg skjønar sjølvsagt lite av det (eg har jo kasta vekk tida på å læra norsk), men det høyrest unekteleg mykje betre ut enn tekstane til norske pubband, til dømes denne: «Nå vil jeg ha meg et legg, Med ei dame med rompeskjegg, Så kan jeg ta henne i stussen, Med tissen rett i bushen…».
Det er til å sutra og grina over.
Difor er det berre ein ting ein språkleg bevisst nordmann kan konkludera med: det er på tide å fasa ut norsk språk.
Den beste måten å gjera det på, er å avskaffa ei kvar form for obligatorisk undervisning i norsk på skulen. Ikkje berre i sidemål, men i alt norsk mål.
Dessutan bør ein setja i verk strenge tiltak for å stagga desse språkfanatikarane: helst eit opphald ein eller annan stad det er veldig kaldt, utan anna lesestoff enn ei ordbok over astugewi-språket, eit indianarspråk som lei den skjebna norsk språk burde gjera allereie på åttitalet. Eg ser for meg at fjernsynskanalen på denne veldig kalde staden berre skal senda finsk fjernsynsteater. Utan teksting. Kos dykk med desse referanseråmorne (eller korleis ein no enn skriv det), gutar, og hels til julenissen!
Samstundes kan me normale menneske verta kultiverte og smarte, og læra oss eit skapeleg språk i staden for dette grautmålet som vert kalla norsk. Lat oss rett og slett byta ut norsk med marathi, eit vakkert språk, som sytti millionar menneske har som morsmål. Sytti millionar! Kva kan Knud Knudsen, Ivar Aasen og heile den banden der stilla opp mot det?
Som me seier på marathi: ghalaghalaghanta!

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook





Øyvind Strømmen <oes
Avskaffe norsk?
Knut Johannessen
22. mai 2007