ideer estetikk kultur filosofi økonomi miljø meninger politikk nyheter litteratur språk trender musikk forskning it kunst historie identitet integrasjon ytringsfrihet personvern sikkerhet                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

Drage
Bli en del av Norden
25. mai 2012 13:54:33
Ikke-klikkbar annonse
Borgerjournalistene.org
Ikke-klikkbar annonse
Innsikt
Samlesider om Iran
Samlesider om EU

Vestlenning kan du få bli!

17. mai

17. mai. Arkivfoto: Vadakkan

Ikke-klikkbar annonse

Kommentarer

Rikeli me plass

Eg kjem frå Tysnes, ein øykommune på 255 (eit tal alle nerda har eit heilt spesielt forhåll te) kvadratkilometer, viss'kje eg huske heilt feil. Da e vel berre omkring 2800 innbyggjara. Da skulle då vera rikele me plass te alle andre så vil kalla seg tysnesinga. Me da e vel'kje så spennande å bu der, me mindre du syns festing på ne'lagde hotell e nåke å skriva heim om, kor heim no enn måtte vera.

Se også:

Når reppublikken Vestlannet vell e på plass, så e da fø meg heilt klart å tydlæ at vestlenning e da muli å vetta, sjøl om ein e fødd i eit ant lann, eit sånt so Austlannet, Sverje edle Tailann.

Dan sista tiæ har da rast ein fela debatt i gamlalandet, å debatten handlæ om kem da egentli e so har låv te å kalla seg norrmann. Da heila bjønte sjølsagt me at dan dar sosialistavisæ, Ny Ti, fekk da før seg å spørja språkrådæ om da va noke bedre begrep di kunne bruka i plass før ”etnisk norrmann”. Kolleis dei egentli fann på å spørja språkrådæ om hjelp te noke so helst e da enno ingjen so heilt har skjønt, men da e vel låv å tenkja seg at sjøl sosialistavisæ sånn so Ny Ti i blant lokta tabloide øveskrifte dei åg.

Da e velkje heilt gale å håpa på nokæ gøtt avisstoff om ein skrive epåsst te da årganet som elles e mest kjent før å meina at da burde vera heilt greitt å skriva teng sånn so ein seie di: so lenge orde e importert, altso, sånn so pøbb å sørvis å sånn.

Uansett so svarte språkrådæ på nåke so mest av alt ligna på kav dansk, å sa at di’kje såg nåken grunn te å erstatta ”etniske norrmenn” me nåke so helst ant. Da hadde kanskje ikkje våtte so fela rabalder om ikkje di åg skreiv at ein pakistanar so sler seg te i Nårrge ikkje kan bli norrmann, sjøl om han blir norsk statsborgar. Norrmannen høyre te si gruppa å pakistanaren te si gruppa, sa språkrådet, og da vatt jubla i diverse heima dar Nårrge vett dyrka so eit naturfenomen. Da va visst ikkje ei sjel so spørde ka slass etnisitet detta ”pakistanar” egentli e fø nåke, fø’då hadde di kanskje oppdaga at da bur både punnjabara, sindara, pasjtunara, balusjara å andre slags føllk i Pakistan; ja, di hadde kanskje funne ut at pakistanara egentli ikkje finns, at detta bere e ein kunsti konstruksjon.

Dan litt ekle konklusjonen di då kudne ha kome te e att da kanskje ikkje bere e pakistanara so e oppkonstruerte, men at dan dar nårske identiteten dei e so fel å snakka om i enkelte politiske kretsa kanskje e oppkonstruert dan åg? Kanskje da å vera nårrsk rett å slett ikkje e noke naturfenomen i da heila, men eit sosialt å kulturellt byggverk? Da fina me byggverk e at da gjedna går an å byggja på, setja opp eit lite anneks, kanskje, edle grava ut ein ny kjedlar dar ein kan gøyma dan nye unnerklassen?

Ikkje veit eg, men da ekje allti eg føle at eg har so jækla møkje meir te felles med finnmarkinga enn med svenskspråkleæ føllk i Helsinki. Da hende te å me eg får da før meg at da finst føllk so heite Fatima å Muhammed å andre sånne løgne teng, so eg likavedl ha meir te felles me enn føllk so heite Ola å Kari. Da ekje da at eg onneslår at eg har ein kulturell bakgrunn, Snorre står heima i bokhydlo og Håvamål vett sitert i tidæ å utidæ, men da e sånn at ska eg snakka om kulturell bakgrunn so kadle eg meg ikkje fysst å fremmt norrmann, men kanskje vestlenning edle noke sånn. Veit dukje kor skykkjeskukkjen e so ekje eg øvebevist om at du har same kulturelle bakgrunnen so da eg har.

Som eijen nasjon syns eg da e fullt ut rimlæ at me vestlenninga snart får eit eige lann, med Leirrvik edle noke so hovedstad (ikkje Bergen, fållk darifrå tehøyre utvilsomt ei an kulturell gruppa, sikkert so eit resultat av all dan seksuelle omgangjen me nederlendara å tysskara). Når reppublikken Vestlannet vell e på plass, så e da fø meg heilt klart å tydlæ at vestlenning e da muli å vetta, sjøl om ein e fødd i eit ant lann, eit sånt so Austlannet, Sverje edle Tailann. Når da gjelt muslima veit eg te å me om minst eitt punkt dar dei vidle ha da møkje enklare enn te dømes sånne so ha vore austlenningar sio Halfdan Svartæ sine daga. Austlenningane lyt leggja av seg dedne fele uskikken da e å eta svineribba på julafto. Da slepp muslimane!

(So eit lite pe-ess vil eg bere seia unnskyll te adle so ikkje skjønte eit kløyva or av detta: eg prøve bere å halda min kulturellæ eijenart i hevd).

Ikke-klikkbar annonse