Olje på dei lånte fjøra
Tiande mars kunne nettsida HonestThinking fortelja at franske myndigheiter «har måtta gje opp i alle fall delar av sin autoritet over ikkje mindre enn 750 urbane område». Ser ein nærare på denne påstanden, er det underleg at nokon som helst kan ta nettsida eller redaktør Ole Jørgen Anfindsen alvorleg i debatten om innvandring og integrering.
Strengt teke er Frankrike ikkje lenger nokon stat, heiter det i epistelen, og vidare vert det slått fast at dei som meiner Hallgrim Berg teiknar eit for negativt bilete av utviklinga i Europa, «kunne ha godt over å filosofera litt over situasjonen i Frankrike». For å liksom villa understreka poenget, legg Anfindsen ut ei lenkje til ei nettside som gjev ein oversikt over områda han hevdar Frankrike har gjeve opp kontrollen av, dei såkalla zones urbaines sensibles.
Problemet hans er at det han fortel ikkje er ærleg tenking i det heile, men blank løgn.
ZUS-sonene er byområde som har vorte definert som politiske satsingsområde, område ein ynskjer å fremma økonomisk utvikling i. Mange av stadene på lista er innvandrarstrøk, men ikkje alle.
Det dei har til felles er gjerne høgare arbeidsløyse, lågare utdanningsnivå og dårlege bustadforhold. Og sjølvsagt: at franske myndigheiter, i alle fall på papiret, tek problema alvorleg og freistar å gjera noko med dei.
Det er få i fransk opinion som deler dette fantastiske biletet av ZUS, av den enkle grunnen at det er idiotisk. Sjølv ikkje Le Pens Front National snakkar om dei som område som Frankrike har gjeve opp, men klager i staden over at det vert brukt så mykje pengar på områda, og at det utgjer «positiv diskriminering». Ideen om okkuperte område i Frankrike trivst imidlertid godt på enkelte amerikanske og nokre få europeiske nettsider, som elles er prega av høgst unyansert og stereotyp islamkritikk, og i blant også av eit heller velutvikla hatforhold ovanfor alt fransk.
Det burde vera openbart at ein kvar som freistar å gjera ei liste med 750 område definert som viktige for byutvikling om til ei liste som viser at Frankrike ikkje lenger er ein stat, rett og slett er vanskeleg å stola på.
Tre dagar seinare har brørne Anfindsen høyrd frå ein lesar som meiner dei har vorte villeia av kjelda. Ein merknad vert lagt til under overskrifta «Adieu, France»: «Vi undersøker nå saken, og vil komme tilbake til den i løpet av noen dager», står det. I merknaden kjem det nemleg også fram kven kjelda for påstanden er, nemleg den belgiske nettjournalen Brussels Journal, drifta av påstått konservative Paul Belien.
Det kan vera verdt å reflektera over eit par ting Belien har skrive. I etterkant av eit rovdrap i Brussel, som både media, politikarar og politi meinte var utført av ungdommar av nordafrikansk opphav (to polske ungdommare vart seinare pågripe), skreiv han:
Rovdyra har tenner og klør. Rovdyra har knivar. Alt frå dei er små lærer dei i sine årlege offerritual korleis ein skjer over halsen på varmbloda husdyr. Me vert kvalme av å sjå blod, men det vert ikkje dei. Dei har trening og dei er væpna. Me kan ikkje ein gong gå med pepperspray i lommene. Dei har springknivar og slakteknivar og dei veit korleis dei skal bruka dei.
Artikkelen var kalla «Gje oss våpen». I ein annan snakkar han om «valdtekta av Europa», og slår fast:
'Dersom trua kollapsar, så kollapsar også sivilisasjonen'. Det er den eigentleg årsaken til at Europa sin sivilisasjon vert stengt ned. Islamisering er berre ein konsekvens. Sjølve ordet islam tyder «underkasting» og sekularistane har allereie underkasta seg. Mange europearar har allereie vorte muslimar, sjølv om dei ikkje skjøner det og sjølv om dei ikkje vil vedgå det.
Det er den same Belien som har skrive artikkelen brørne Anfindsen bruker som kjelde for si «ærlege tenkning» - og tilhøyrande blanke løgn – om Frankrike. Påstanden som har vorte henta ut, utgjer ein liten del av ein større artikkel, som eigentleg handlar om Nederland.
På HonestThinking har dei ikkje berre slukt han rått, utan å stilla eit einaste kritisk spørsmål, men har også lagt til si eiga tolking: «På litt lengre sikt vil Frankrike enten bli delt i flere stater, eller det må dramatiske endringer til for å gjenopprette statens autoritet». Kanskje dei burde byrja å "undersøkja saka" før dei brakte slike bodskaper? Kanskje dei burde meditera over ordet "kjeldekritikk"?
Og kanskje både ein og hin også burde stilla seg meir kritisk ovanfor Anfindsens ideologiske tenkning?

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook





Øyvind Strømmen <oes
Honest?
Magnus Holm
15. mars 2007