Arven etter Yockey - 1
Nokon trur at fascismen døydde i bunkeren med Hitler eller at den vart skote død i landsbyen Giulino di Mezzegra saman med Mussolini. Dei tek feil.
20. november 1952: I "prosessen rundt anti-statleg konspirasjonsverksemd kring Rudolf Slánský", Slánský-saken, vart fjorten tiltalte funne skuldige i forræderi. Dei var alle kommunistar, og dei var alle offer for ei utrensking som kulminerte i eit slags tsjekkisk tilsvar på Moskvaprosessane. Elleve av dei fjorten vart dømde til døden, inklusiv den tidlegare generalsekretæren i det tsjekkiske kommunistpartiet, Rudolf Slánský. Seks dagar seinare vart dei hengde i Pankrac-fengselet.
Heda, kona til ein av dei dømde mennene, Rudolf Margolius, fekk lov å vitja han før han vart avretta. Gjennom eit nettinggjerde fortalte ho mannen sin om den "vakre, lystige vetle sonen" deira som "syng heile dagen lang". Når ho hadde klart å få dei båe til å smila, sa Rudolf til Heda: "Ver god og tenk på Ivan, ikkje på meg".
"Uroa deg ikkje for guten", svara ho, "Eg skal oppdra han godt, det lover eg deg".
"Gløym meg, Heda", sa mannen. "Finn ein ny far til han. Bli ikkje verande åleine".
Det hadde vore eit taskenspel av ei rettsak, der Rudolf og dei andre tiltalte hadde vorte skulda å vera alle variantar av Stalin sine busemenn, "trotskyistar", "titoistar", "vestlege imperialistar" og "rotlause kosmopolittar". Alle tilstod dei påståtte brotsverka, under mentalt og moglegvis fysisk press. Rettssaken vert ofte sett på som eit uttrykk for Stalin sitt ynskje om å hindra andre land i Aust-Europa frå å følgja Titos Jugoslavia sitt eksempel og forlata austblokka. Historia kunne ha stogga der, som ei mørk forteljing frå bakom jarnteppet.
Men det er også ei anna side ved rettssaka i Praha, ei side som får historia til å sjå om mogleg endå mørkare ut. Rudolf Margolius hadde overlevd holocaust. Det var faktisk det som hadde fått han til å bli med i kommunistpartiet til å byrja med. For han hadde kommunismen vore ein måte å hindra ein repetisjon av det politiske systemet som hadde levert hans Tsjekkoslovakia over i hendene på Adolf Hitler.
Blant dei fjorten mennene som vart dømd var det elleve jødar. Eit ekstra 'lovbrot' hadde vorte lagt til lista ovanfor. Mennene vart skulda for å vera "sionistar". Etterkvart som Israel hadde bevegd seg i retning Amerika, hadde warszawapaktlanda vorte i aukande grad og stadig meir aggressivt anti-sionistiske. Det hadde berre gått nokre få år, og jødehatet sitt stygge ansikt skulle igjen visa seg i aust-Europa. I desember 1951 skreiv TIME magazine, i ein kort artikkel med det slåande namnet "I Hitlers fotspor", "i førre veke fekk me eit klårare bilete av brotsverka og av eit veksande kommunistisk krosstog i tala til den kommunistiske statsministeren Antonin Zapotocky. Tala, ein appell til nasjonal ære som kunne ha kome frå Adolf Hitler, var eit bittert åtak på "jødisk kapitalisme" og "innblanding frå Jerusalem". Slansky, som fleire av ofra frå partiutrenskingane i Tsjekkoslovakia, er jøde. Difor er han, med kommunistane sitt yndlingsord for å erklæra avsky ovanfor jødar, ein "kosmopolitt".
Mens saka pågjekk lytta "titusenvis av [israelarar], med radioen stilt inn på Praha, til sendingane i sjokk".
Mannen på galleriet
Men det var ikkje alle i Vesten som var sjokkerte. Ein amerikanar, ein løyndomsfull, fascistisk intellektuell kalla Francis Parker Yockey, reiste jamvel til Praha og fulgte rettssaka frå galleriet. Som han snart påpeika i ein artikkel såg han "forræderisaka i Böhmen som eit utvilsamt vendepunkt". Praten om "forsvar mot bolsjevismen" høyrer til fortida, meinte han, "sidan kvar centimeter av europeisk jord er herska over av Europa sine dødelege fiendar, dei som søkjer [kontinentet] sin politiske, kulturelle og historiske undergang til ein kvar pris.
Spørsmålet om skuld er, i følgje Yockey, "historisk meiningslaust", akkurat som "i den grufulle stanken frå Nürnberg". "Ein kvar som kjenner den enkle tydinga av ordet 'politikk' veit at saka ikkje var noko spontant utbrudd av 'rasisme' frå den politisk vidvakne Stalin og hans maktsjuke krins. Desse mennene vil ha makt og dei går ikkje til åtak på ein front der det, i høve siger, ikkje er noko å vinna. I 35 år har Stalin vore pro-jødisk i innanriks og utanrikspolitikk, og dersom han no legg om kursen er det på bakgrunn av grundig vurderte omsyn til staten sin tryggleik.
Artikkelen til Yockey, kalla "Kva ligg bak henginga av dei elleve jødane i Praha" er på nokre måtar ein arketypisk anti-semittisk tekst. Jødane vert indirekte gjeve skulda for andre verdskrigen, og det vert hevda at den jødiske "kultur-stat-nasjon-folk-rasen" planlegg ein tredje.
Imperiet
Yockey er best kjend som forfattaren av boka "Imperium", ei bok som har vorte skildra som nynazistane sitt svar på Mein Kampf. Boka vart skrive under eit pseudonym som sjølv hintar til noko av bodskapen, Ulick Varange. Ulick er irsk og tyder "beløning av vinden", medan Varange viser til væringjar, den nordiske stammar som reiste aust- og sørover og som til slutt var å gje namn til den bysantiske keisaren sin livgarde. Yockey ynskte seg eit sameina stor-Europa, frå Irland i vest til Russland i aust. I introduksjonen av boka skriv han:
Det noverande kaoset – 1948 – kan direkte førast attende til forsøka på å hindra europeiske integrering. Som resultat er Europa landa i ein sump, og ikkjeeuropeiske krefter handsamer tidlegare europeiske nasjonar som sine koloniar.
[...] Eg fordømer her frå byrjinga desse miserable planane frå tilbakeståande sjeler om å "sameina" Europa som eit økonomisk område for utbytting av og forsvar for den utanfor-europeiske imperialismen. Integreringa av Europa er ikkje opp til planlegging, men opp til uttrykk. Han treng berre aksepterast, og her er attenhundretalet si økonomiske tenking fullstendig inkapabel. Det er ikkje handel og bankverksemd, ikkje import og eksport, men berre Heroisme som kan frigjera Europa si integrerte sjel, der ho ligg under pengetriksa til dei tilbakeståande, den stakkarslege statstrua til partipolitikar og dei okkuperande hærane til utanfor-europeiske styrker.
[...] Og difor er denne boka ei fornying av ei krigserklæring. Ho stiller eit spørsmål til Europa sin forrædararar, dei stakkarslege partipolitikarane viss karrierer er avhengig av deira fortsette underdanighet til utanforeuropeiske styrket, ho spør "trudde det at alt var forbi?".
For Yockey var det ikkje forbi, sjølv om det han refererte til som "den europeiske revolusjonen", nazistane si maktovertaking i Tyskland, hadde vorte slått ned. I ei bok på over sekshundresider argumenterer han for å reinska den vestlege sjela for "ein kvar for materialisme", ja, frå rasjonalisme, likskap, sosialt kaos, kommunisme, bolsjevisme, liberalisme, venstretenking av ein kvar sort, pengedyrking, demokrati, finanskapitalisme, nasjonalisme, parlamentarisme, feminisme og "svake ideal om lukke". I staden set han den "sterke og mannlege ideen om den absolutte politikk sin tidsalder: autoritet, disiplin, tru, ansvar, plikt, etisk sosialisme, fruktbarheit, orden, stat, hierarki – skapinga av det Vestlege Imperium".
Det er ikkje så vanskeleg å kjenna igjen fascismen i Yockey sine ord.
Yockey og Fallaci
Det er heller ikkje så veldig vanskeleg å oppdaga dei i blant påfallande likskapane til blant anna Oriana Fallaci sine anti-islamske bøker "Sinnet og stoltheten" og "Fornuftens styrke". Medan Yockey seier at "ikkje-europeiske krefter handsamer tidlegare europeiske nasjonar som deira koloniar", skriv Fallaci at Europa er "Eurabia, ein islamsk koloni". Medan Yockey snakkar om "kulturell parasittisme", i form av jødar – sjølvsagt – men også i form av "kinesarar i California", "negrar i både Amerika og Sør-Afrika", "parsiarar i India" og så vidare, så snakkar Fallaci om muslimar som "formeirer seg som rotter" og islam som ei "hengemyr". Medan Yockey fordømer "dei miserable planane til tilbakeståande sjeler om å sameina Europa som eit økonomisk område for utbytting av og forsvar for den utanfor-europeiske imperialismen" ser Fallaci på den islamske koloniseringa av Europa som eit resultat av "bankfolka som har laga farsen kalla den europeiske union, pavane som har funne opp fabelen om økumenisme, dei ryggeslause individa som har funne på løgna pasifisme, hyklarane som har planlagt svindelen kalla humanitær hjelp". "Det er Europa med sine leiarar utan ære og utan vit, med sine intellekturelle utan stoltheit og utan mot. Det er det sjuke Europa som har seld seg sjølv som ei hore til sultanane, til kaliffane, til visirane".
Tankane om det "svake Europa", øydelagd av bankmenn, feminisme og innvandring er i høgste grad i live i dag.
Nokon vil seia at det berre er retorisk likskap, og dersom dét var den einaste samanhangen mellom Yockey og dei moderne eurofascistane som hyller Fallaci si Eurabia-myte; ja, då hadde det vore greitt å oversjå mannen som ein perifer figur. Imidlertid er det også andre grunnar til at Yockey er interessant i samanhang med utvikling av fascistisk ideologi i Europa etter andre verdskrigen.
---
Dette er den fyrste av to artiklar som omhandlar Francis Parker Yockey og arva han etterlot til europeisk nyfascisme, eurofascisme. Artikkelen er skrive av Øyvind Strømmen, forfattar og frilansjournalist. Sjå elles nettstaden eurofascism.info.

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook





Øyvind Strømmen <oes