ideer estetikk kultur filosofi økonomi miljø meninger politikk nyheter litteratur språk trender musikk forskning it kunst historie identitet integrasjon ytringsfrihet personvern sikkerhet                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

Drage
Bli en del av Norden
25. mai 2012 10:54:42
Ikke-klikkbar annonse
Borgerjournalistene.org
Ikke-klikkbar annonse
Innsikt
Samlesider om Iran
Samlesider om EU

Om handel og folkeeventyr

Rødhette og ulven
Ikke-klikkbar annonse

Kommentarer

Diskusjonen om frihandel får meg i blant til å tenkja på folkeeventyr. Men det er ein forskjell på folkeeventyr og epler.

Gøril Andreassen, nestleiar i Natur og Ungdom, har erta på seg Bjørn Magne Solvik og andre marknadsliberalistar. - Verda tåler ikkje meir frihandel, sa ho, og Solvik meiner at det tyder at miljøvernorganisasjonen har gjeve opp kampen mot fattigdom.

Diskusjonen om frihandel får meg i blant til å tenkja på folkeeventyr. I seg sjølv er nemleg handel over landegrensene positivt, handel gjer ikkje berre økonomisk vekst og tilgang på andre varer, den skapar også grobotn for utveksling av idear, teknologi og kultur. Nokre norske folkeeventyr kan ein spora attende til oldtidas India. Bakgrunnen er sjølvsagt at folk har både handla og samhandla med kvarandre.

Det fine med folkeeventyr er sjølvsagt at dei verken kostar pengar eller er underlagt kopirett. Det har gjeve oss eit mangfald av eventyr, jamvel eit mangfald av den same historia. Amor og Psyke-krinsen vert fortalt i ei lang rekkje ulike versjonar Europa over. I Noreg finst forteljingane i minst tre nedskrivne versjonar, "Austanfor sol og vestanfor måne", "Kvitebjørn kong Valemon" og "Dyret i hagjen".

Ein annan fordel med folkeeventyra er sjølvsagt at ein ikkje treng å lasta dei ombord på fly, ikkje treng å frakta dei i trailarar eller på frakteskip. Eventyr kan ein handla med utan at det gjev ureining. Då er det verre med epler.

Det er ikkje noko tvil om at høge tollmurar i rike land som Noreg er eit hinder for produsentar i uland som ynskjer å selja varene sine her, og heller ikkje noko tvil om at handel kan vera med å få folk ut av fattigdomen. Dette skjønar dei sjølv i Bonde- og Småbrukarlaget, ein av bondeorganisasjonane frihandelfans elsker å hata (ikkje sjeldan verkar det som det faktisk er bønder dei hater, eg får i blant ei slik ekkel kjensle av at desse folka skjønar godt kva ein macchiato er for noko, men ikkje har snøring på kva verbet hesja tyder, og knappast anar kvar skykkjeskukkjen ligg, men her avslører eg meg som inhabil eller noko, så eg let det liggja). Det er ikkje ein gong tvil om at tollmurane på ein god del område bør senkjast dugeleg. At rike land driv med eksportsubsidiar, er skammeleg.

Men når det er enklare å finna chilenske epler i norske matvarebutikkar enn det er å finna norske epler, er det ikkje frihandel. Det er dumskap. Og diverre er det dumskap av den riktig ureinande sorten, særleg om handelen foregår med fly. - Noreg må forsvara retten som alle land har til å produsera mat for eigen befolkning, gjentek Bonde- og Småbrukarlaget ofte. Men det er faktisk ikkje berre ein rett. Det er tvingande naudsynt å fremja lokal matvareproduksjon - og produksjon av andre varer - der dette let seg gjera på ein bærekraftig måte. Slik kuttar ein i utslepp frå transportsektoren på den enklaste måten, gjennom å minska behovet.

Dersom reglane for verdshandel skal skrivast etter reint marknadsliberalistiske prinsipp, er det negativt for både lokal produksjon, artsmangfald og ikkje-industrielt eller småskala-basert landbruk. Det er vanskeleg å dyrka bananer i Undredal, men det er ein bra stad å laga geitost. Det er vondt å få papaya til å veksa på Østre Toten, men poteter veks. Ein politikk som endrer på det, bør ikkje få seljast under påskotet solidaritet. Då er det betre å kjempa for at banan- og papayadyrkarar, til liks med potet- og geitebønder, får ein skapeleg pris for produkta sine.

Ikke-klikkbar annonse