IT
07.07.2006 09:57
Stel jakka mi, Giske!
For ei tid attende var Trond Giske ute i Dagbladet og gjekk til åtak på fildelarar. - Dette er som å stela ei jakke, sa Giske, og dristar seg jamvel til å slå fast «om ein driv med ulovleg fildeling og samstundes bryr seg om kultur, så skyt ein seg sjølv i foten». Kanskje skulle ein tru at Giske sjølv skaut seg i foten her, for her går han sørgjeleg i utakt med både vanlege folk (iallfall ein del Aftonbladet-lesande svenskar) og med framtida. No er ikkje det fyrste med naudsyn nokon uting, for folk flest meiner mykje rart, men Giske treng ikkje ein gong å tenkja på dette. Han går nemleg i takt med storparten av norske politikarar.
Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook




