Ytringsfridom og kapital
Lat oss reisa attende i tid. 30. september i fjor publiserte ei dansk regionavis tolv teikningar av profeten Muhammed. Ein av dei framstilte profeten med bombehovud, ein annan som ein ekstremist med sladd føre auga, ein vaskeekte tyrkarsabel i handa og to innpakka kvinner i bakgrunnen. Av naturlege grunnar var ikkje alle like begeistra, og sinte danske muslimar fekk etterkvart med seg ei rekkje arabiske land i protestane.
Anders Fogh Rasmussen vart snart ein helt på document.no: En gruppe på 22 pensjonerte danske ambassadører skriver et brev og ber ham innlede dialog med muslimske ledere. Fogh Rasmussen sier nei, det kan jeg ikke, for det er det samme som å innrømme skyld, at det er noe å forhandle om. Det er det ikke. Hvor har han denne styrken fra?
Magazinet fulgte etter Jyllands-Posten. Utanriksminister Jonas Gahr Støre skreiv eit brev til norske ambassadar, og tilrådde å uttrykkja forståing for raseriet. 28. januar fjerna difor bloggaren Jan Haugland, ein av dei mest populære norske bloggarane utanlands, ryggrada til Gahr Støre og det i eit ikkje særleg kirurgisk inngrep. Men det er her eventyret om prinsippfaste kvite (og raude, som Danebrog) riddarar for ytringsfridomen stoggar. Stoggaren kom av alle i ting i form av fetaost. Josef al-Qaradawi og Co oppmuntrar muslimar til boikott av danske varer, osteprodusent Arla og andre danske firma hamnar i økonomisk trøbbel og så finn Fogh ut at han skal snakka med muslimske ambassadørar likevel. Dansk Industri gler seg. Snakk om ryggrad...
Det er ikkje noko gale med å snakka med ambassadørar. Ein kan godt forsvara ytringsfridomen, gjera det klinkande klart at blasfemi burde vera lovleg, og likevel synast at teikningane i Jyllands-Posten var beklagelege, eller i det minste dumme. Når ein er prinsippfast heilt fram til det kostar noko er det imidlertid ganske patetisk.
Men trass i høgresida sin uendelege repetisjon er det ikkje noko naturleg samanhang mellom kapitalen og ytringsfridomen. For eit ubesudla kapitalistisk samfunn, sjølvsagt ein rein fantasi, er det vekst som tel framfor alt anna og vekst er ikkje med naudsyn av det gode. Å boikotta land ein ikkje likar, anten dei heiter Iran eller Israel, er sjeldan særleg lurt og i alle høve ikkje særleg effektivt. Men det finst gyldne middelvegar mellom boikott og det å gjera seg til venar med tvilsame diktatur berre for å tena pengar.
I ein interessant artikkel i Asia Times skriv Brian Wingfield om kritikken som no råkar både Google, Yahoo og Microsoft. Ein ting er Google sin sensurerte kinesiske søkjemotor. Når Yahoo gjer seg medskuldige i å setja journalisten Shi Tao i fengsel i ti år er det mykje verre. - Me visste allereie at Yahoo samarbeider entusiastisk med kinesiske myndigheiter når det gjeld sensur, no veit me at [nettstaden] også er ein kinesisk politiinformant, kommenterte Reportarar utan Grenser tørt.
Kanskje gjer me det. Det me iallfall veit er at kapitalen alltid manglar ryggrad. Menneske har det. I blant.
Opprinnelig publisert 17.02.2006

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook





Øyvind Strømmen <oes