ideer estetikk kultur filosofi økonomi miljø meninger politikk nyheter litteratur språk trender musikk forskning it kunst historie identitet integrasjon ytringsfrihet personvern sikkerhet                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

Drage
Bli en del av Norden
24. mai 2012 18:51:32
Ikke-klikkbar annonse
Borgerjournalistene.org
Ikke-klikkbar annonse
Innsikt
Samlesider om Iran
Samlesider om EU

Europa og det moderne

I forordet til Lars Gule si nye bok heiter det at islam krevjer merksemd som aldri før. Men er ikkje sanninga snarare at islam får merksemd som aldri før? Og seier ikkje det vel så mykje om det norske samfunnet?

Lars Gule si bok «Islam og det moderne» er ei bok som vel fortener hylleplassen heime hjå meg. Gule klarer nemleg å vera islamkritisk utan å skapa islam om i sitt eige bilete, og utan å gjera religionen om til ein monolittisk og uforanderleg konstruksjon. Den typen islamkritikk er mangelvare i dagens Noreg, og då får det heller vera at Gule er så til dei grader nyansert at han forsøker å få med alt for mykje i løpet av tre hundre sider.

Her skal eg ikkje gå noko vidare inn på boka, men i staden stilla spørsmål ved noko Gule skriv allereie i forordet: - Islam, en religion, kultur og sivilisasjon som kan synes underlig og skremmende, krever oppmerksomhet som aldri før. Er det verkeleg sant? Eller er det berre slik at islam får merksemd som aldri før?

To prosent

Muslimar utgjer i dag rundt to prosent av Noregs innbyggjarar, og då tel ein antakeleg med ein god del folk som verken er eller ser på seg sjølv som særleg religiøse. To prosent.

Likevel går det ikkje mange dagane mellom kvar gong eit avisoppslag i ei av dei store avisene dreier seg om nettopp muslimane. Gjerne i tydinga: Dei farlege muslimane. Kvart år kjem det ut fleire bøker om religionen, frå smale akademiske verk til polemiske hatskrifter som Oriana Fallacis «Fornuftens styrke» (Cappelen, 2004). Kan ein tenkja seg ein situasjon der samane, som utgjer kanskje prosenten, får tilsvarande merksemd, ein situasjon der det kjem ut fleire bøker om samisk religion på store norske forlag år etter år? Eksempelet er noko søkt, det skal eg vedgå, islam får trass alt merksemd også på grunn av hendingar og tilhøve utanfor Noreg, men poenget mitt er at det ikkje er måte på kor mykje merksemd islam får. Det er også Gule si elles gode og lesverdige bok eit døme på.

Og, her er mitt spørsmål: kanskje denne merksemda fortel vel så mykje om det norske, eller for den del det europeiske samfunnet, som ho fortel om islam?

«Personer som Thune»

Også i debattfora på nettet flyt det over av diskusjonar rundt islam, og desse diskusjonane ber ofte preg av fordommar, framandfrykt og kunnskapsløyse, heller enn å vera preg av den slags akademisk distansert kritikk blant anna Gule kjem med. Dersom ei av dei store norske nettavisene opnar kommentarfelt under ein artikkel som på ein eller annan måte rører ved islam er det snart dusinvis, om ikkje hundrevis, av innlegg. Synspunkt som at islam må forbys og alle muslimar kastast ut er ikkje uvanlege å støyta på. Ein finn også dårlege løynde trugslar, «jeg kan love et oppgjør med både islam og personer som (Henrik) Thune når den tid kommer». Per Fugelli fekk slengt skjellsord etter seg når han kritiserte FrP. Meir interessant er det at ein blant skjellsorda fann uttrykket «muslimven».

Den det ikkje ringer nokre historiske bjøller for når det ordet kjem i bruk, bør setja seg ned og tenkja seg om. Lenge. Sanninga er at me har fått muslimar på hjernen. Og symptoma er ikkje særleg lystege.

Gule skriv i boka si om korleis det han omtaler som islamsk fundamentalisme kan skjønast ut frå skjeringspunktet mellom islam og det moderne, og han har sjølvsagt heilt rett. Som Gule påpeiker er islamismen ei moderne antimoderne rørsle. Samanlikninga med fascismen er ikkje unaturleg. Ian Buruma og Avishai Margalit skriv i Occidentalism (Atlantic Books, London, 2004, s.72):

Fascism appealed precisely to mediocre men, because it gave them a glimpse of glory by association, by feeling part of a supernation, and in Nazism to a superrace, supposedly endowed with superior virtures and spiritual qualities.

Møtet med det moderne

Det er grunn til å stilla spørsmål ved om ikkje også europearar har problem i møtet med det moderne. Det er grunnleggjande naivt å tru at fascismen døydde etter Nazi-Tyskland fall. Fascismen sat fortsatt ved makta i fleire europeiske land. Han levde dessutan vidare i både Tyskland og Italia, England, Frankrike, Russland og ei rekkje andre land. Også aust for Bosporus og syd for middelhavet vaks fascistiske rørsler fram, tyrkiske Ülkücü Hareket er berre eit av mange døme.

Kanskje kan ein jamvel strekkja det så langt som å seia at det var lett for Europa å vera tolerant etter andre verdskrigen. Den synlegaste minoriteten, jødane, var nært utradert. Jiddisk, som hadde vore eit viktig språk med ein rik kultur i form av både litteratur og film, var så godt som utrydda. Sigøynarane, ei anna synleg minoritetsgruppe, hadde hatt sitt eige holocaust, porajmos. Men var rotårsakene til jødehatet, fascismen og nazismen vekke? Eller skulle det lite anna til enn nye synlege minoritetar for å vekkja hatet opp igjen?

- Dei kjem som 'utlendingar', som 'tiggarar', syngande og krypande, med falsk audmjuke og uærleg respekt. Så snart dei har svindla seg til eit eller anna, vert dei tjuvar og blodsugarar, anten det er i det opne eller det skjulte, uttala den nazistiske propagandisten Hermann Esser, som for øvrig hadde ei fortid som sosialdemokrat, om jødane. Eit halvt hundreår seinare var det den danske politikaren Mogens Camre som tok i bruk nesten dei same orda: - Muslimar kjem med tiggarstaven i handa, og så snart dei er inne i varmen vert staven til ein stokk som skal pryla oss på plass.

Politisk korrekt rasisme

Jødehat var i si tid politisk korrekt. Og det er muslimhat i ferd med å bli i dag. Framleis vil ein få bråk i media og frå politiske motstandarar om ein gjer seg skuldig i rein hets mot muslimane. Men sjansen til å verta vald inn i parlament og til å spela ei viktig politisk rolle mister ein ikkje.

- Hvem havde kunnet forestille sig, spør den danske forfattaren og politikaren Rune Engelbreth Larsen, at det i dag skulle blive politisk korrekt at agere mikrofonholdere for Dansk Folkeparti & Co.s. Angreb på humanismen, som de tilmed fremstiller som noget politisk forkert netop ved tvært at konstatere, at den er politisk korrekt? Larsen meiner framtidige historikarar vil 'undre sig over hvordan hele partier, tv-kanaler og dagbladsredaktioner har kunnet snorksove så dybt i det fatale tiår på overgangen mellem det 20. og 21. århundrede, hvor et helt samfund blev lyn-indoktrineret til at betragte det som noget forkert at tilstræbe «tolerance», «forståelse» og «mangfoldighed»'.

I 1993 skreiv den flamske parlamentarikaren Filip Dewinter ein artikkel om det han kalla soft-ideologi i tidsskriftet Dietsland-Europa, eit tidsskrift som elles har husa både holocaust-revisjonisme og reint, skjært jødehat. I artikkelen heiter det blant anna: - Menneskerettane, økologi, antirasisme, globalisme: alt saman nye og framfor alt globale verdiar som til sjuande og sist viser seg å vera falske skinverdiar.

I det flamske parlamentet brukte han dei same orda 8. juni 1993, i eit åtak på det flamske grøne partiet Agalev. Denne gongen utelot han menneskerettane, men omtala blant anna anti-rasisme, globalisme og miljøvern som skinverdiar, «døme på det skrale og innhaldslause politiske sentrum». Ved kommunevalet som tok stad i Antwerpen nyss fekk Dewinter sitt parti på ny ein tredjedel av stemmene. Overraska over at dei ikkje gjekk fram med meir enn eit halvt prosentpoeng ymta partiet om valgfusk og fortalde skrekkhistorier om «framande» som hadde jobba som valfunksjonærar og korleis det nok påverka stemmegjevinga at også desse hjalp til med å forklara bruken av datamaskinene i det elektroniske valet.

Salet av myter

Men det er ikkje berre den såkalla ytste høgrekanten – eit omgrep som burde fornærma ein kvar marknadsliberalist – som slenger om seg med hatsk retorikk. Mytedanninga til parti som Vlaams Belang og Dansk Folkeparti har, tidvis med god hjelp frå dei same media som desse parti elskar å forakta, festa seg i folkedjupet. Nyss kom eg over ein kort kommentar etterlatt i ein bloggdiskusjon: - Alle muslimar er ikkje terroristar, stod det, - men alle terroristar er muslimar.

Det er sjølvsagt vrøvl. I følgje den nyaste rapporten frå amerikanske National Counterterrorism Center er det, ikkje overraskande, i Irak at flest menneske vert drept i terroråtak, heile 83% av dødsofra på verdsbasis. Sjølv om rapporten sler fast at dei fleste gjerningsmenna, igjen på verdsbasis, er ukjende, er det grunn til å tru at fleirtalet av både offer og gjerningsmenn i Irak er muslimske – og ein stor del av ofra for terrorisme på verdsbasis er då også muslimar. Samstundes er det viktig å leggja merke til noko anna, nemleg kva land som figurerer høgt på lista over terroråtak utanfor Irak. Her finn ein blant anna Nepal, Colombia og Sri Lanka, land der islamsk ekstremisme ikkje akkurat er det mest framtredande problemet. Med andre ord: Myte og røyndom stemmer ikkje overeins. Kart og terreng rimer ikkje.

Men myter kan ein rekna med frå ytste høgrekant, ikkje sant? Den som skreiv lina over er tillitsvald i Kristeleg Folkepartis Ungdom, trygt plassert i «det skrale og meininglause politiske sentrum». Truleg kjem ingen til å ta vedkomande for det. For, som Engelbreth Larsen skriv:

Det er ikke bare blevet politisk korrekt, men mediepolitisk korrekt at rydde forsider over en dansk muslim, som f.eks. overvejer at bekæmpe russernes beskidte krig i Tjetjenien. Samtidig er det blevet mediepolitisk korrekt helt at fortie og glemme, at det først og fremmest er den danske højrefløj, som i allermest udtalt grad har støttet politisk vold de forløbne tiår. Det er mediepolitisk korrekt at fortie, at folketingsmedlem Søren Krarup direkte har opfordret til sabotage mod Dansk Røde Kors. Det er mediepolitisk korrekt at glemme, at Søren Espersen og Jesper Langballe fortsat var aktive medlemmer af Den Danske Forening, mens den truede med væbnet modstandskamp mod indvandringen.

Det er mediepolitisk korrekt at glemme, at indenrigsminister Lars Løkke Rasmussen har overrakt den fundamentalistiske mujahedinbevægelse i Afghanistan over en halv million kroner. Det er mediepolitisk korrekt at glemme, at Karen Jespersen har været fortaler for "røde undtagelser" fra demokratiet, og at Ralf Pittelkow har forsvaret terrorgruppen Rote Armé Fraktion.

Det værste er ikke deres forhistorie, men fortielsen af den, for derved forties dét sindelag, som også er en del af bagagen hos fremmedhadets foregangsmænd, uanset hvor respektable og nydelige de tager sig ud bag en slipseknude eller et dådyrsmil. Desværre er det imidlertid også mediepolitisk korrekt at være blind og døv over for den åbenlyse trussel, som endnu et tiår i Dansk Folkepartis skruestik udgør mod Danmarks trængte grupper, blot fordi de ikke kan efterleve tidsåndens kvælende normalitetskrav.

Derfor er læren af det seneste tiår, at de, der står uden for de professionelle medier, bliver så meget desto mere mediepolitisk ukorrekte og kalder en spade for en spade og en fascist for en fascist.

-

Les meir rundt temaet på artikkelforfattaren si heimeside

Ikke-klikkbar annonse