Skjønnheten og udyret
Den ekstreme antisemittismen, sentralt i nazistane sitt politiske prosjekt, kom ikkje ut av det blå. Han var ein logisk konsekvens av eit fiendebilde som hadde vorte skapt gjennom lang tid.
Calm and lovely in the evening / As a mirror lies the fjord / Only long the covered headlands / Welts a shadow-edge the shore / Purple by the sun that's setting / Amid clouds like fairy tales /All the sailing boats are drifting / In the calm with slackened sails
Kva ser du når du les dette diktet? Ein vakker hyllest til «det norske», ei varm skildring? Kanskje les du heimlengsel ut av dei åtte linene, kanskje les du noko heilt anna?
Biletet me set med av fascismen er enkelt. Nokre vil kanskje seia at det er brutalt enkelt, nettopp fordi det er brutaliteten som står sentralt for oss i nær sagt alle skildringar av ideologien. Som ideologisk rørsle vert fascismen ofte redusert til tysk og italiensk fascisme. Norsk fascisme vert gjort til ein avart, til noko grunnleggjande unorsk. Den rumenske og ungarske fascismen vert gjort til historiske bagatellar, den grufulle Ustase-rørsla til ein notis i historiebøkene, den engelske fascismen vert oversett, den belgiske forklart vekk, den svenske gøymd bort.
Det er bileta av dei grufulle overgrepa nazistane stod bak som set fast i våre kollektive minne, og det av god grunn. Men har me innsikt i tenkinga som låg bak? Har me forståing av kvar hatet kom frå? Veit me kor hatet vart av etter at millionar av jødar vart drept og etter at den rike jiddiske kulturen vart så godt som utsletta?
«Den oppgave jeg har hatt for øye i denne bok, er den største et menneske kan sette seg. Nemlig å tenne et lys for menneskene. Denne nye lære, som er bestemt å bli seierrik over alle andre, har jeg kalt universismen». Det er Vidkun Quisling som skriv. Tanken om ein ny og total filosofi var han ikkje åleine om – ideen om å 'tenna eit lys for menneska' – finn ein att i fleire totalitære ideologiar. Når politiske og filosofiske tankar vert gjort om til absolutte idear, vert det lett for diktaturets Skylla å bita frå seg, då kan store ideal fort gå under i Charybdis malstrømmar. Det speler i den samanhang lita rolle om det er religiøs ekstremisme, kommunisme, nasjonalisme, konservatisme eller for den del primitivisme som teiknar opp absolutta.
Dei siste månadane har to bøker kome ut på to små norske forlag. Kvar bok kan på sitt vis vera med å fortelja noko meir om fascismen. Den eine er «Universismen», Vidkun Quisling sine filosofiske tankar – som han sysla med i over tredve år, i håp om å starta ei politisk-religiøs rørsle – har vorte redigert og gjeve ut på Juritzen forlag. Den andre er «Med pisk og champagne – sosietetsliv i Nazi-Tyskland 1933-1945». Begge fortel om ein annan fascisme enn gatefascismen.
I «Universismen» møter ein dei uklare ideane til Quisling, som dreier seg om svært mykje anna enn politikk og som berre overfladisk tek for seg dei velkjende nasjonalsosialistiske ideane. Ein stad heiter det at «det germanske prinsipp er det egentlige nasjonale prinsipp, som vår [utydelig] beror på, og som vi må hold fast og utivkle med ubønnhørlig konsekvens. Hvis ikke løses vårt folk opp og forsvinner tilslutt fullstendig som nasjon». Ikkje mykje seinare vert det slått fast at «den fjerde [hjørnestenen] er hellig krig» og «dette skal være kjennetegnet på en arist. Han (hun) skal bære skjult i sin drakt Ordenens merke: et gyldent kors på blodrød bunn til et tegn på det gyldne kors satt i hjorteblod. Og en arist skal være tapper, en ridder uten […] frykt og daddel».
Det er truleg få som let overraska over at Quisling siterer Håvamål når han skriv om sine religiøse idear, og kanskje ikkje så mange som er sjokkert over at han omtaler kristendommen som «en slavereligion som hindrer kulturen». Men Quisling var ein lærd mann og – på nokre måtar – ein verdsborgar. Han viser ikkje berre til Håvamål, men også til Bhagavad-Gita og til tao, «fullstendig tilpasning til naturen, universismens alfa og omega».
Per Anders Madsen i Aftenposten skriv at dei to som har redigert Quisling si bok til eit format som let seg lesast i bokform, Anne-Kristin Strøm og Arve Juritzen, «vurdert som bidrag til norsk filosofi [har] nedlagt et stort og meningsløst arbeid». Det har han utvilsamt rett i, men det er ikkje som filosofisk skrift at dei framleis forvirrande og usamanhangande notatane til Quisling er interessante. Det er som historisk dokument.
Kva fekk mannen som skreiv det ømme diktet om ein norsk fjord i 1922 til å kasta seg inn i ei internasjonal politisk rørsle av hatsk og morderisk karakter? Kva låg bak?
Med «Med pisk og champagne» har den franske historikaren Fabrice d'Almeida skapt internasjonal oppsikt. Han har gravd fram gjestelister frå store hendingar i stat og parti, sett på bordplasseringa i gallamiddagar og kartlagt kven som fekk sjenerøse gåver for si samarbeidsvilje. Men Almeida ser ikkje berre på korleis eliten lot seg forføra av nazismen, men også på kvifor. I eit intervju med Aftenposten fortel han:
- Hitler hadde ikkje berre eit politisk program. Han sto for haldningar som mange delte, også innan samfunnseliten: motvilje mot jødar, sterk tru på rase og blodets arv, beundring for styrke og virilitet.
I den forstand var var ikkje nazismen unik. Den ekstreme antisemittismen, sentralt i nazistane sitt politiske prosjekt, kom ikkje ut av det blå. Han var ein mogeleg – og logisk – konsekvens av eit fiendebilde som hadde vorte skapt gjennom lang tid.

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook





Øyvind Strømmen <oes
Skjønnheten og udyret
Pål
20. februar 2007