ideer estetikk kultur filosofi økonomi miljø meninger politikk nyheter litteratur språk trender musikk forskning it kunst historie identitet integrasjon ytringsfrihet personvern sikkerhet                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

Drage
Bli en del av Norden
23. mai 2012 18:19:54
Ikke-klikkbar annonse
Borgerjournalistene.org
Ikke-klikkbar annonse
Innsikt
Samlesider om Iran
Samlesider om EU

Jernbura i Münster

Ikke-klikkbar annonse

Kommentarer er deaktivert for denne noden.

Anabaptistane var ei protestantisk sekt som vaks fram som ein del av reformasjonen sin radikale fløy i det sekstande hundreåret. Rørsla, som hadde sitt utspring frå Sveits, vart gjeve namnet som eit slags utnamn, det stod for noko av det som vart sett på som mest trugande ved dei. Namnet tyder «dei som døyper på ny». Sjølv såg dei på sin eigen vaksendåp som den einaste verkelege dåpen og den tradisjonelle barnedåpen som verdilaus.

Anabaptistane sine radikale idear på dette og fleire andre område skulle skaffa dei vanskar med både katolikkar og protestantar. Rørsla vart forfulgt frå sine tidlegaste dagar. Dei svara fyrst med å trekkja seg fullstendig attende frå samfunnet, som vart sett på som korrupt og ugudeleg. Samstundes som dei var opptekne av dei etiske aspekta ved kristendomen freista dei å ha minst mogleg kontakt med omverda. Dessutan avviste dei ei kvar form for mellomledd mellom Gud og menneske, og nytta si eiga fortolking av Bibelen som grunnlag for sin sosiale orden.

På mange måtar minnar anabaptistane om tidlege islamistiske rørsler. Til liks med islamistiske rørsler vart dei også stadig radikalisert i takt med forfølgingane die vart utsett for. Lidingane vart tolka som teikn på at førebuingane til det komande heilage tusenårsriket var i gang. Staten var Djevelen sitt instrument, og forfølginga og valden var Satan sitt siste åtak på dei rettvise. Den endelege kampen mellom det gode og det vonde var i gang. Anabaptistane, mange av dei i utgangspunktet pasifistar, skulle koma til å spela ei sentral rolle i eit av dei blodigaste kapitla i den tidlege reformasjonstida.

"Menneskeheita står i dag på kanten av stupet. Ikkje på grunn av det overhengande trugsmålet om utsletting; den er berre eit symptom på sjukdomen, og ikkje sjølve sjukdomen. Men på grunn av at menneskeheita har mista dei verdiane ho kan byggja sunn utvikling og sann framgang på".

Det skreiv Saayid Qutb i boka Milepælar som kom ut i 1965. For Qutb var svaret til sjuande og sist ein islamsk stat, eit mål som vart undestreka endå klarare og i ei endå meir radikal form hjå blant anna Muhammed abd al Salam Faraj, ein elektrikar:

"me må etablera Guds religion i vårt land fyrst, og gjera Guds ord rådande. [...] Det er inga tvil om at den fyrste slagmarka i [vår] jihad er å utrydda denne vantru leiarskapen og å erstatta dei med ein fullstendig islamsk orden. Her byrjar me".

Då Melchior Hoffmann, ein av leiarane for den anabaptiske rørsla, vart arrestert i 1533 fekk ein bakar frå Haarlem, Jan Matthijszoon, ei viktigare rolle. Matthijszoon var anabaptistane sin Faraj, og meinte at dei truande måtte rydda vegen for tusenårsriket med sverd, og at jorda måtte reinsast for dei ugudelege. Den nordtyske byen Münster vart utpeika som Det Nye Jerusalem. Byen var sentralt plassert i høve dei nordlege Nederlanda, der anabaptismen stod sterkt, og hadde i tillegg slått inn på ein radikal kurs under inspirasjon frå den unge presten Bernd Rothmann. Særleg blant dei lavaste samfunnslaga, der bodskapen om Guds rike som ein slags kommunistisk idealstat var eit etterlengta håp i ei mørk tid, fekk anabaptismen i Münster entusiastiske tilhengjarar. Over heile det nordlege Europa hadde småfolk vorte oppmuntra av Luther sitt fridomsrop og så bittert skuffa når dette ikkje førde til ei radikal samfunnsomvelting. Som Diarmaid MacCulloch påpeiker i Reformation var lite meir naturleg enn å venda seg til den nyleg omsette Bibelen for å finna inspirasjon. Der fann dei oppmuntrande ord om det komande tusenårsriket på jorda og om rettferd og siger for dei truande. Folk byrja å strømma til Münster frå områda rundt og i februar 1534 var anabaptistane i stand til å overta makta i byen.

For å reingjera Det Nye Jerusalem ville Matthijszoon no avretta alle gjenverande katolikkar og lutheranarar i byen, men av taktiske omsyn såg anabaptistane seg nøydd til å berre kasta dei ut. I vinterkulden 27. februar vart katolikkane og lutheranarane jaga ut av byen utan å få med seg eigendelar, mat eller ekstra klede. Det perfekte samfunnet var etablert. Men det var også omringa, biskop von Waldeck kringsette byen, snart med støtte frå lutherske fyrstar og nærliggande lutherske byar.

Då Jan Matthijszoon omkom i eit dumdristig åtak på biskopen sine styrker var det ein tidlegare skreddar, Jan Beukels – eller John av Leiden som han gjerne vert kalla – som overtok makta. I august same året, då biskopen og hans allierte hadde bestemt seg for å stengja alle utgangar frå Münster, utropte Beukels seg sjølv til konge og messiansk verdsleiar. Han innlemma sine venar i hoffet og unna seg sjølv og sine næraste all slags luksus medan han krevde stadig meir asketisk livsførsel frå sine undersåttar. Revolusjonen åt sine born den gongen også. Og til slutt åt revolusjon òg Jan Beukels. I juni 1535 inntok biskopen sine styrkar endeleg byen, ei blodig massakre fulgte, og Beukels og to av hans nære medhjelparar vart fanga og avretta med uvanleg sadisme. Gigantiske klør var gjort gloande varme og brukt til å slita kroppane deira i stykker. Lika vart stilt ut til skrekk og åtvaring i tre jernbur.

Reiser du til Münster vil du oppdaga at dei tre bura heng på St. Lambertskyrkja den dag i dag, som eit stille minne om den religiøse ekstremismen som velta fram i fotspora av Luther og Calvins reformasjon.

Ikkje mange steinkasta frå den gamle katedralen med jernbura treff ein på kebabsjapper og butikkar der ein kan ringja billeg til Afrika og Midtausten. Byen har, som dei fleste tyske byar, ein synleg minoritet av muslimske innvandrarar. Har reformasjonen kome attende til Münster? Ein skal vakta seg vel for overdrivne historiske paralellar. Det som er sikkert er at møtet mellom islam og modernitet har sådd eit frø i islam som har spira sidan før den ottomanske sultan Selim III lanserte sin nye orden, Nizam-i-Cedid, eit ord inspirert av den nye ordenen i Frankrike etter den då nylege franske revolusjonen.

Dette frøet har vakse opp til eit tre med mange greiner, både den tidlege islamske modernisten al-Afghani, den pasjtunske pasifisten Badshah Khan – ein av Gandhi sine allierte, terroristen Osama bin Laden og den lesbiske liberalisten Irshad Manji kan sjås på som utslag for den same historiske prosessen, ikkje ein Reformasjon, men så absolutt ein reformasjon.

Kva kraft ber denne reformasjonen med seg? Kan den kvelande konservative og dominante delen av islam verta utfordra frå andre retningar enn valdsromantisk islamisme? Kan einsretting verta til toleranse og nye idear byrja å spira i den jorda? Var den europeiske reformasjonen, eller riktigare dei europeiske reformasjonane, i det heile teke verdt det? Kunne den katolske einsrettinga ha vorte brote på nokon annan måte?

Når dei brenn norske flagg i gatene er det lett å tru at striden i den muslimske handlar om oss. På trass av terroråtaka i New York og Washington, London og Madrid, i Paris og mot vestlege mål i Beirut, Riyadh, Bagdad, Istanbul, på trass av alt dette, er det muslimar som er dei fyrste ofra for terror motivert av radikal og valdeleg islamisme, akkurat slik det var andre tyskarar som var nazismen sine fyrste offer.

Konflikta handlar ikkje om oss, det handlar ikkje om at islamistane hatar våre samfunn, ikkje om at dei foraktar vår fridom. I dei fleste tilfella er forakten er fyrst og fremst retta mot eigen leiarskap, og nokre av islamistane er faktisk våre allierte i kampen for framsteg og demokrati i den muslimske verda. Det er på trass av at dei er anti-sekularistar av ein type som heldigvis har vorte politisk ukorrekte i Europa for lenge sidan.

- Den kortaste vegen til islamsk liberalisme går gjennom islamsk fundamentalisme, seier Ebrahim Moosa, ein professor i islamske studiar ved Duke University i eit intervju med San Francisco Chronicle.

Men sjølv om det er eit utslag for ein misforstått eurosentrisme å tru at det handlar om oss, kjem Europa til å spela ei ikkje uvesentleg rolle. Den franske islamkjennaren Gilles Kepel skriv:

det viktigaste slaget i krigen om dei muslimske hovuda det neste tiåret vil ikkje gå føre seg i Palestina eller Irak, men i desse muslimske samfunna i utkantane av London, Paris og andre europeiske byar, der Islam alt er ein veksande del av Vesten.

- Mange i Vesten trur at berre fordi ein muslim har langt skjegg så må han vera ekstremist, fortalte ein ung muslimsk mann frå ein av desse stadene meg. Han kjem frå Sint-Jans-Molenbeek, ein bydel i Brüssel som ein gong vart kalla «vesle belgiske Manchester» og i dag av sume blir kalla «vesle Marokko». - Eg har ikkje skjegg, men eg har også idear.

Kva var det han meinte? At han var ekstremist? På nokre måtar var det kanskje nettopp det, at også han i augene til mange europearar ville bli oppfatta som det, trass i at han drakk vin og trass i at bokhylla hans inneheldt både eit nederlandskkurs og gamletestamentet ved sidan av Koranen og ein haug med belgiske teikneseriar.

Anti-sekularismen hans, det negative, tåpelege synet på jødar, ideane om ein islamsk stat, understrekinga av kor viktig det var å sjå på Muhammed som den siste profeten, fordi dei tidlegare religionane sine skrifter hadde vorte forfalska, alt saman plasserte han i ein situasjon der han vart konfrontert med dei islamske statane som kanskje er best kjend for europearar, Iran og Saudi-Arabia.

I mine auge var han likevel ingen ekstremist. Han ynskte seg meir demokrati i landet han har opphav frå, meir demokrati i Nord-Afrika, meir rettferd og større fridom til å vera muslim. I diskusjonen brakte eg opp kva ein tidlegare rektor ved den muslimske skulen i Oslo hadde sagt; at Noreg var meir muslimsk land enn Irak. - Slik er det også med Belgia, svara karen frå Molenbeek. Ikkje berre det. Han ynskte seg meir demokrati i Europa, og såg på den låge interessa for val blant belgisk ungdom som eit utslag for eit lite reelt folkestyre. Idear som dette kan ha kraft nok i Europa, når dei vert eksportert attende til opphavslanda til europeiske muslimar kan dei verta eksplosive. I meir enn ei tyding.

- Det er to islamistiske tendensar i verda i dag, sa den amerikanske statsvitaren Muqtedar Khan, sjølv muslimsk med indisk bakgrunn, til meg då eg intervjua han like før jul i 2004. - Den eine leier til autoritære regime som under Taliban og i Saudi-Arabia, den andre går i retning av demokrati, slik som i Tyrkia.

Eg trur Khan tek feil. Det finst ein heil haug med retningar. Nokre av dei er det ingen som veit kvar som fører, og få som vil vera i stand til å gissa resultatet av. Men Khan hadde rett i det neste han sa. - Det gjenstår å sjå kva islamistisk tendens som vil få overtaket.

Opprinnelig publisert 14.02.2006

Ikke-klikkbar annonse