ideer estetikk kultur filosofi økonomi miljø meninger politikk nyheter litteratur språk trender musikk forskning it kunst historie identitet integrasjon ytringsfrihet personvern sikkerhet                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

Drage
Bli en del av Norden
23. mai 2012 16:29:12
Ikke-klikkbar annonse
Borgerjournalistene.org
Ikke-klikkbar annonse
Innsikt
Samlesider om Iran
Samlesider om EU

Send dei ein invitasjon!

Ei oppskrift for fred i Midtausten, eller i det minste for utfordrarar til finske monster i Melodi Grand Prix.

«Me treng ein kjekk, liten seiersrik krig for å stagga bølga av revolusjonar», kviskra mange store arbeidsgjevarar i øyra på naboen – eller rivalen – kanskje over grensa. «Krig vil redda oss frå alt dette humanitære nonsenset og fri oss frå sosialistane og deira planar. Det vil ta knekken på denne tåpelege ideen om ein Europeisk union som ville eta opp profitten vår».

Joseph Caillaux, «Où va la France? Où va l'Europe?», 1922

Konflikta i Libanon og Israel er tragisk, ikkje berre på grunn av prisen vanlege folk har måtta betala, ikkje berre på grunn av skadene bombene har forårsaka, men også fordi krigen har funne stad i regionen sine kanskje to mest demokratiske land.

Israel sitt demokrati er tilskitna av framferda i dei okkuperte områda og av rasistisk politikk, men er samanlikna med dei andre landa i regionen likevel overlegent. Libanon sitt svake demokrati har vore dominert av det alt anna enn demokratiske regimet i Syria, og politikken i landet er delt opp etter religiøse skiljeliner og familieband snarare enn etter politiske skilnader. Men 2005 var eit håpefullt år, den syriske innverknaden vart sveikka, dei sivile rettane styrka.

Er det ikkje eit teikn på det håplause i konflikta mellom arabarar og israelarar at det er nettopp i desse to landa konflikta går føre seg? Er alt håp om fred like greitt å gje opp? Er konflikta uløyseleg? Kanskje er det verd å lesa noko den israelske fredsaktivisten Uri Avnery ein gong skreiv i ein heilt annan samanhang:

Då eg var åtte år gamal, to år før familien min flykta frå Tyskland etter at Hitler kom til makta, var eg elev i tredje klasse på ein barneskule i Prøyssen, den gongen ein sosialdemokratisk bastion. Ein gong fortalte læraren oss om Hermann, nasjonalhelten, som i år 9 hadde lukkast å lokka den romerske hæren i ei felle og utsletta han. Den romerske kommandanten, Varus, fall over sverdet sitt og Augustus Cæsar kom med sitt fortvilte utrop: - Varus, gje meg mine legionar tilbake! Der det historiske slaget skal ha funne stad står det no ei stor statue av Hermann. «Hermann står med ansiktet sitt mot der Erbfeind, arvefienden», proklamerte læraren vår. «Born, kven er arvefienden?». Alle i klassen ropte i kor: «Frankreich! Frankreich!».

Ser ein på dagens Europa verkar dette nesten ufatteleg. Kven skal ein så gje æra for at det ikkje er det? Nokon vil peika på demokratiet, og slå fast det faktum at det er heller sjeldan demokratiske land går til krig mot kvarandre. Kanskje kan ein tolka det til at krigane i Midtausten fyrst og fremst er symptom for grunnleggjande demokratiske problem? Då hjelper det fint lite at norsk venstreside driv med grupperunk rundt fantasien om motstandskamp, i staden for å støtta gærne islamistar burde dei støtta dei genuint demokratiske kreftene som faktisk finst i både Libanon og Palestina. Og det hjelper også fint lite med israelsvenar som siklar ved tanken på Guds utvalgte folk, kanskje det var der Jostein Gaarder hadde eit poeng?

Andre vil gje EU æra for at vest-Europa vart fredeleg, eller handelsunionen med stål og kol, for å vera eksakt. Handel skaper fred. Statsvitaren Mark Leonard skriv i si svært så optimistiske bok «Why Europe will run the 21st Century» at dei som trur Europa er svakt tek feil. Europa skaper om verda i sitt bilete, hevdar Leonard, og om Europa ser daudt ut er det berre fordi ein ser på det gjennom amerikanske auge. Europa sin påverknad går djupt og breitt, europeiske idear spreier seg verda over, Europa dreg andre land til seg i staden for å støytta dei frå seg, og når desse landa fyrst har kome under innverknad av europeiske lover og tradisjonar så verdt dei forandra. Europa er simpelthen ein revolusjonær modell for framtida!

Konklusjonen er eigentleg klar. Finnane i formannstolen må snarast invitera Israel, Palestina og Libanon til å bli EU-medlemmer. Samarbeid skaper fred! Medan me ventar på dette, bør libanserane og palestinarane i det minste inviterast med på Melodi Grand Prix. Du skal sjå det ikkje varer lenge før dei byrjer å stemma på kvarandre.

Ikke-klikkbar annonse