Tøffe Vampus
Sjølv var eg ein av dei fyrste norske bloggarane som publiserte eit bilete av Muhammed. Eg gjorde det før VamPus. Men ikkje vart eg bloggkjendis, ikkje vart eg intervjua i aviser og ikkje fekk eg hundrevis av siklande, islamofobe, draumande nykonservative og lettvinte liberalarar til å sverma rundt bloggen min, som floger rundt møk.
Heidi Nordby Lunde føler tilsynelatande for å minna folk på kor modig Vebjørn Selbekk og ho sjølv var fordi dei publiserte nokre danske teikningar av profeten Muhammed. Stavanger Aftenblad nemner ho ikkje, sjølv om eg har forstått det slik at dei også trykte ei skikkeleg dristig og uhorveleg modig faksimilie? Slikt kan ein rett og slett ikkje rekna med i det sosialdemokratiske Noreg! Hurra, hurra!
Har de ikkje forandra meining no, lurer Lunde, de som kritiserte publiseringa? Kor er angeren? Kor er hyllesten av ytringsfridomen sine stolte forkjemparar? Er det ikkje på tide å gje nobelprisen i litteratur til ein bloggar snart? Ein sterk forkjempar for fridom, kanskje, ein av dei som kan skriva om "sosialistisk vås" og "vi som tror på frihet" i kommentarfelt?
Sjølv var eg ein av dei fyrste norske bloggarane som publiserte eit bilete av Muhammed. Eg gjorde det før VamPus. Men ikkje vart eg bloggkjendis, ikkje vart eg intervjua i aviser og ikkje fekk eg hundrevis av siklande islamofobe, draumande nykonservative og lettvinte liberalarar til å sverma rundt bloggen min som floger rundt møk. Kan det vera fordi eg publiserte dette biletet? Ikkje like deilig provoserande som ei bombe i turbanen, eller kva? Ikkje like framifrå ytringsfridomsforkjempande? Ikkje modig nok? Jaja, vikingblodet har vorte til vatn likevel. Det har eg lært hos ei rekkje ekstremt reflekterte bidragsytarar, som kom til Bjørn Stærk sin blogg for å skjella han ut.
Men vent! Eg snakker ikkje sant. Eg fekk merksemd! Eg kan bada i rampelyset saman med livlege Lunde. Hurra! Eit av innlegga mine - "Motbydelig fritt" - hamna visst på trykk i Dagbladet, og vart sitert i Bergens Tidende, der oppe i sitatseksjonen der det bruker å vera ministrar og slikt som vert sitert. Hoi! Hoi! Vestlandsavisa hadde rett nok anonymisert meg og gjort meg til noko så utruleg lite spanande som ein dagbladblogg (om eg hugsar rett), men likevel... Det var nok til at flogene flaksa rundt min møk også. Men ikkje nok med det. Ein fundamentalistisk muslim dukka også opp. Han skreiv:
Tusen takk for et veldig godt innspill i en debatt som tar mer og mer form som en frustrasjonskanal. Vesten ved bruk av ytringsfriheten som krykker og den muslimske verden ved hjelp av tro. Når verken troen eller ytringsfriheten går ut på å skape mest mulig faen. Hilsen en fundamentalistisk muslim som har lært hva fundamentet i Islam er.
Heia til fundamentalisten! At han i tillegg gjer meg skryt, gjer at eg kan gjera som makken i Kula Shaker songen S.O.S:
Everytime I turn
a microscopic worm
is telling me he's it
dressed in robes of cosmic ego
crawling round in shit
I read the news but
the news didn't fascinate
I stayed at home, watched
the media ejaculate
Er det rart at eg kjenner meg heime i bloggiverset?
Men over til saka. Akkurat denne mikroskopiske bloggemakken var ein av dei som synest at Heidi Nordby Lunde burde latt vera å publisera karikaturane. Korleis kan eg meina noko slikt? Jo, fordi eg synest at opptil fleire av teikningane var dumme. Ja, beint fram idiotiske. Og eg synest generelt at det er dumt å publisera dumme ting.
Det tyder ikkje at eg ikkje stør Heidi Nordby Lunde og alle dei andre bloggetøffingane sin rett til å gjera det. Ytringfridom gjeld både for reaksjonære provokatørar og for folk som berre vil vera litt tøffe i trynet på ytringsfridomen og besøkratinga sine vegne. Eg skulle rett nok ynskja meg litt meir kreativitet og skaparemne frå både blåbloggarstjerna og dei fleste av dei andre på denne lista over dumme bloggarar: ikkje berre piratkopiering.
Men det ville vel ha vore for mykje å be om?

Logg inn

Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook





Øyvind Strømmen <oes
Meninger
Morten
13. oktober 2006