ideer estetikk kultur filosofi økonomi miljø meninger politikk nyheter litteratur språk trender musikk forskning it kunst historie identitet integrasjon ytringsfrihet personvern sikkerhet                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

Drage
Bli en del av Norden
17. mai 2012 19:30:55
Ikke-klikkbar annonse
Borgerjournalistene.org
Ikke-klikkbar annonse
Innsikt
Samlesider om Iran
Samlesider om EU

Dei usynlege

Opplysingsfilmen "Despotism" frå Encycopledia Britannica (1946)

Opplysingsfilmen "Despotism" frå Encycopledia Britannica (1946).

Ikke-klikkbar annonse

Kommentarer

Se også:

Gje meg heller nokon i grilldress i studio, så kan me sjå om dei er så ille som karikaturen skal ha det til.

For eit par dagar sidan kom eg over ein amerikansk opplysingsfilm frå 1946, laga av Encyclopedia Britannica Films i samarbeid med Harold D. Lasswell. Filmen handlar om korleis ein kan kjenna igjen eit despotisk regime. Han er interessant på fleire måtar. Her finn ein ikkje tankegangen om at ein anten er med eller mot oss, men ein glidande skala frå demokrati til diktatur. Og det vert ikkje berre åtvara mot utanlandske despotar, men også mot dei same tendensane i Amerika.

Unngå den komfortable ideen om at ei styreform i seg sjølv er nok til å vergja eit land mot despoti, heiter det, og det vert vist til den tyske republikken som døme. Det er ein tanke det er verdt å dvela litt ved, men endå meir slåande er dei to skalaane filmen set opp for om eit samfunn står i fare for å verta kasta ut i despoti. Jo skeivare den økonomiske fordelinga er, jo større er sjansen, heiter det. Ein annan faktor som vert dratt fram er tilgangen på informasjon. Dersom mediamakta er samla på få hender er det i seg sjølv eit fareteikn.

Sjølv vil eg hevda at det er eit grunnleggjande demokratisk problem. Og det er det uavhengig av korleis media oppfyller rolla si. Når mest alt av aviser i Noreg ligg ein stad i det utvida politiske sentrum, frå Høgre til SV, og mange av dei har dei same eigarane, uavhengig av dette, så er det grunn til å vera uroleg. Når media sym i stim og tek opp dei same spørsmåla på dei same måtane, så er det ikkje noko godt teikn. Ei vidare mediaverd er positivt, sjølv om ei vidare mediaverd vil tyda at stemmer som eg er riv ruskande ueinig med lettare vil sleppa til, anten det er konservative kristne, marxistar eller folk som har studert for lenge på BI.

Folk på høgresida klager rett som det er over at det er for mange venstrevridde journalistar, for mange folk som stemmer SV og RV. Det er det ikkje. Problemet er heller at det er for få journalistar som stemmer på noko anna, og det har ein god del med sosial bakgrunn å gjera.

Heller enn å ynskja seg fleire FrP-arar som journalistar, burde ein etterlysa fleire bussjåførar, fleire prestar, fleire vaskehjelper, fleire elevar frå lina for mekaniske fag på vidaregåande skule, fleire minstepensjonistar. Og fleire professorar i kjemi. Heller enn å ynskja seg fleire intervju med høgrepolitikarar i avisene, bør ein ynskja seg færre intervju med politikarar, ekspertar og andre menn i dress.

Eg saknar folk flest, denne mytiske eininga, i mediabiletet. Dei dukkar nesten berre opp kvart andre år, for då er det val, og «folk flest» skal igjen latterleggjerast fordi dei stemmer på eitt eller anna parti langt ute på høgrekanten, anten det heiter Dansk Folkeparti eller Vlaams Belang. Lat desse folka sleppa til imellom valåra også. Har dei haldningar og politiske idear som er riv ruskande galne, og det har dei, så må desse konfronterast og ikkje teiast i hel og ikkje gjerast til kuriosa eller til tema for endå fleire snakkeprogram med endå fleire folk i dress. Gje meg heller nokon i grilldress i studio, så kan me sjå om dei er så ille som karikaturen skal ha det til.

Dessutan er det ei myte at troll kan sprekkja av å eta for mykje, det er den norske kvardagsrikingen eit glitrande døme på. Troll sprekk berre i sola.

Men det er ei anna gruppe eg saknar i avisene også. Eg saknar innvandrarane. I høve skribentar er det ikkje så heilt gale fatt, det finst ei rekkje profilerte folk med innvandrarbakgrunn som skriv både mykje og godt i norske aviser. Det er ikkje dei eg saknar. Ikkje Walid al-Kubaisi, ikkje Kadafi Zaman, ikkje Shabana Rehman.

I Belgia vart det nyleg gjort ei undersøking som viste at 58,9 prosent, godt over halvparten, av folk med tyrkisk bakgrunn i landet lever under EU si fattigdomsgrense. Det same gjeld for 55,6 prosent av dei med marokkansk bakgrunn. Blant belgiarar generelt er talet 12,2. Det var den fyrste undersøkinga i sitt slag i Belgia, og ho viste at folk med innvandrarbakgrunn på mange måtar er ein ny underklasse. Ting tyder på at ein vil finna liknande tendensar i Noreg, men som i Belgia er det gjort lite forskning.

Når eg tenkjer på dette i lys av den amerikanske propagandafilmen, er det to ting som slår meg. Det fyrste er at den økonomiske fordelinga er skeiv. Det andre er at informasjonen er skeiv. Desse menneska er i stor grad fullstendig usynlege.

Ikke-klikkbar annonse